Hopp til innhold

Pantedokument burettslagsandel med heimelshavar sitt samtykke - nynorsk

Dette skjemaet kan du bruke for å tinglyse panterett i burettslagsandel, med heimelshavar sitt samtykke. Det vil seie i tilfelle der pantsetjaren ikkje har grunnboksheimel til andelen, og heimelshavaren må samtykkje særskilt til pantsetjinga.

Du kan fylle ut skjemaet nedanfor på skjermen, eller du kan laste det ned og fylle det ut for hand. Du må skrive ut skjemaet og signere med penn i signaturfeltet før du sender det til tinglysing. Send skjemaet i to eksemplar til denne adressa:

Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik

Last ned skjema