Søre Sunnmøre har vore testområde for storskala datafangst med grøn laser frå fly. 

– Målsettinga var først og fremst å samle erfaringar og få kunnskapen ein treng for å kunne utføre denne typen kartlegging i framtida – og det har vi, seier direktør Birte Noer Borrevik i sjødivisjonen i Kartverket, som er godt fornøgd med resultatet.

Alle data er frigjeve

Alle data frå GLaSS-prosjektet er frigjeve og kan lastast ned frå høydedata.no. Prosjektleiar Borck oppmodar alle nysgjerrige til å utforske dataa:

– Datasetta gjev store og artige moglegheiter for alle som er interessert, ikkje berre dei etablerte forskingsmiljøa og kommunane på Søre Sunnmøre.

På høydedata.no finn du også laserdata frå prosjektet Nasjonal detaljert høydemodell og djupnedata frå sjømåling utført med båt (multistråle-ekkolodd) for Søre Sunnmøre. Ved å slå på alle laga vil du kunne sjå at GLaSS-prosjektet til dels har klart å dekke gapet mellom eksisterande terrengmodellar for sjøbotn og land, spesielt i enkelte øyområde.

Klassifisering av terrengdata

Det er fortsatt mykje å hente når det gjeld god og effektiv klassifisering av terrengdata i sjø, og her har prosjektet Grøn laser Søre Sunnmøre (GLaSS) medverka til ei viktig utvikling på området. Prosjektet har bidratt til spesifikasjonar for batymetrisk laserkartlegging på grunt vatn, og mange punkt for utvikling og forbetring på dette området er også identifisert.

Det har vore ei utfordring at klassifisering av terrengdata er basert på rutinar utvikla for kartlegging av område på land, kor ein i størst mogleg grad prøver å trenge ned under alt som stikk opp frå bakken. For sjøbotnen er derimot informasjon om steinen som stikk opp noko av det viktigaste.

– Når det gjeld kvaliteten på datasettet så har vi gode data der vi har data, men grøn laser gjev ikkje heildekkande resultat. Dette kom ikkje som ei overrasking, men dei fleste hadde nok håp om at dekninga var litt betre, fortel prosjektleiar Hilde Sande Borck.

Tang og tare skapar problem

Laserkartlegginga gjev gode data frå område med lys sjøbotn. Der det er sand- og leirebotn får ein treff heilt ned til 10–12 meters djup. Utfordringa er at ein ikkje får data frå område med mørk botn, som gjerne er område med mykje tang og tare. Her blir ikkje det grøne lyset som laseren sender ut reflektert, og ein får difor lite eller ingen informasjon om kor djupt det er her. Om lag halvparten av dei planlagde sjøområda på Søre Sunnmøre har mørk botn og vegetasjon, noko som har ført til manglande terrengdata i desse områda. Dekninga er ofte flekkevis, som gjev ekstra utfordringar i etterarbeidet med datasetta. Ein får difor ikkje fullstendig saumlause og detaljerte terrengmodellar.

Sjølv om ein ikkje får terrengdata der det er mørk vegetasjon, har ein likevel noko informasjon her. Bilete som er teke samtidig med kartlegginga kan vise om det er vegetasjon som er årsaka til dei mørke flekkane. Då kan mangelen på laserdata vere med på å kartfeste tang og tare i eit område. Norsk institutt for vannforskning (NIVA) er blant dei som ønskjer å sjå nærmare på kva kartlegginga kan seie om naturtypar og artar i kystsona:

– Og då kan denne informasjon om kor det ikkje er returar frå den grøne laseren, i kombinasjon med feltidentifikasjon av kva artar og naturtypar vi finn der, hjelpe oss til ei meir effektiv kartlegging, seier Trine Bekkby, forskar ved NIVA.

UTFORDRING: Ein får ikkje returar frå grøn laser frå mørk botn og vegetasjon, noko som utgjer om lag halvparten av det planlagde sjøområdet ein ønska å kartlegge. Foto: TerraTec

Bør bruke grøn laser saman med andre sensorar

– Har ein lys sjøbotn er det ingen tvil om at grøn laser er eit godt val for kartlegging av kystsona. Ein får gode og samanhengande data frå sjø til land, også frå dei grunne områda der ein i dag ikkje har andre effektive måtar å samle inn data på. Ved bruk av flyfoto kan ein i stor grad vurdere områda ein skal kartlegge i forkant, og sjå kor egna det er for grøn laser, fortel prosjektleiar Borck.

Sidan den norske kystsona som regel har ein del vegetasjon og mørke område, konkluderer prosjektet med at ein bør bruke grøn laser saman med andre sensorar, enten samtidig eller i tur og orden. Mange elver blir i dag kartlagt ved at ein først flyr med grøn laser, for så å fylle inn med kartlegging frå båt der det er behov.

Meir effektivt blir det dersom ein kan kombinere to sensorar som utfyller kvarandre i ei og same kartlegging. Prosjektet peikar spesielt på at kombinasjonen med grøn laser og hyperspektral sensor verkar lovande. Testar så langt viser at hyperspektral kartlegging er svak på lys sjøbotn der den grøne laseren har sin styrke, men gjev lovande resultat for vegetasjon der den grøne laseren slit:

– Ved hyperspektral kartlegging får ein reflektert eit signal frå mørk vegetasjonen i grunne område som er sterkare enn signalet frå lys sandbotn. Dette fordi ein nyttar det nær infraraude spektralområdet som vegetasjonen reflekterer svært godt grunna klorofyllinnhaldet. Sjølv om absorpsjonen i vatnet er mykje sterkare i det infraraude spekteret enn for synleg lys, får ein frå hyperspektral kartlegging reflektert eit spekter som både kan gje svar på kor djupt det er og kva type sjøbotn ein har, seier Bernt Larsen i TerraTec.

TerraTec har vore leverandør for datafangst og etterarbeid av data i GLaSS-prosjektet.

Fagleg rapport

Erfaringane med laserkartlegging av kystsona er samla i ein fagleg rapport frå prosjektet Grøn laser Søre Sunnmøre: Last ned fagleg rapport frå prosjektet Grøn laser Søre Sunnmøre (pdf 1,7 MB)

IGESUNDET: Saumlaus terrengmodell av Igesundet på søre Sunnmøre, basert på data frå målingar med LiDAR frå fly og multistråle-ekkolodd frå båt. Illustrasjon: Øyvind Tappel/Kartverket

Kontakt

Hilde Sande Borck
Prosjektleiar for Grøn laser Søre Sunnmøre (GLaSS)
Kartverket sjødivisjonen
E-post: hilde.sande.borck@kartverket.no
Tlf.: 51 85 88 25

Herman Iversen
Kartverket sjødivisjonen
E-post: herman.iversen@kartverket.no
Tlf.: 51 85 88 94 / 934 26 612

Sissel Kanstad
Kommunikasjonsrådgivar
Kartverket sjødivisjonen
E-post: sissel.kanstad@kartverket.no
Tlf.: 51 85 88 28 / 995 13 848