Fylkesgeodataplan for Rogaland
Fylkesgeodataplanen 2024-2027 med tilhørande handlingsplan vart vedteken av fylkesgeodatautvalet i Rogaland i oktober 2023. Planen gjeld for fire år og vert revidert årleg.
Kartverket Rogaland er sekretariat for fylkesgeodatautvalet i Rogaland, og utarbeider utkast til nye geodataplanar. Utkastet er basert på mottekne innspel om kartleggingsbehov, ønska prioriteringar frå partane i fylket og føringar gitt frå myndigheitene.
Det er fylkesgeodatautvalet for Rogaland som vedtek geodataplanen og hovudsatsingsområda i planperioden.
Hovudsatsingsområda i planperioden
Fylkesgeodatautvalet i Rogaland vil ha følgande fokusområde og satsingar i planperioden:
- Sluttføre vegadresser i Rogaland
- Få alle relevante detalj- og reguleringsplanar og kommunedelplanar over på digitalt vektorformat
- Arbeide for å auka kvalitet på plandata
- Gjennomføre regionsvise møte med dei samarbeidande kommunane
- Auke kompetansen i og få fleire datasett med i Det offentlege kartgrunnlaget (DOK)
- Styrke og vidareutvikle Temakart Rogaland
- Gi grunnlag for å førebygge og handsame kriser på ein betre måte
- Marine data i kystsona og hamnedata
- Følgje opp arbeidet i faggruppene for planer og verktøy til analyser, samt brukarforum for Nasjonal vegdatabank (NVDB)
- Sikre samordning mot aktiviteter i nasjonal geodatastrategi
- Halde oss orientert om aktiviteter i geodatastrategien
- Vere ein aktiv bidragsytar til å kome med innspel til nasjonale satsingar
Korleis fylkesgeodataplanen er bygd opp
Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Den gjeld ikkje for arbeid dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje er omfatta av samarbeidet.
Planen har av to delar:
- Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Det gir ei kort innføring i korleis Noreg digitalt-samarbeidet er organisert lokalt, og dei viktigaste rammevilkåra. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
- Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.
I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt.
- Fellesdokument til geodataplan 2024-2027.pdf
- Fylkesgeodataplan for Rogaland 2024-2027.pdf
- Handlingsplan til fylkesgeodataplanen for Rogaland 2024-2027.xlsx
E-posten er sendt