Lær meir om sjøkart

Her finn du nyttig informasjon for ei trygg og fin oppleving på sjøen. Lær om kartseriane våre og korleis oppdatere sjøkarta dine.

Rettleiing

Korleis oppdatere sjøkart

Sjøkart er ferskvare! Du kan sjølv halde sjøkarta dine oppdatert ved hjelp av Etterretninger for sjøfarende (Efs).

Skulekart

Korleis var det no du skulle plotte seglingskursen inn i kartet? Øving gjer meister. Her kan du laste ned gratis skulekart i A3-format.

Nyttig

Datakvalitet i norske sjøkart

Du bør vere ekstra merksam på informasjon i kjeldediagram og datakvalitet i norske sjøkart når du ferdast langs norskekysten og i arktiske strøk.

Hjelp oss å rette feil i sjøkart

Fritidsbåtflåten og profesjonell skipsfart kan bidra til sikrare og betre ferdsel på sjøen ved å melde inn feil og manglar i norske sjøkart. Oppdagar du noko som manglar, eller som er feil i kartet: Sei ifrå til Kartverket!

Nyheiter til sjøs

Ny utgåve av sjøkart for Ytre Oslofjord

Hovudseriekart nr. 1 Oslofjorden, Færder - Hvaler - Halden, er gjeve ut i ny utgåve. Heile den norske sida av Iddefjorden er no sjømålt med multistråle-ekkolodd. Tidlegare utgåver av sjøkartet er no ugyldige.

På botn av Spitsbergenbanken

Mareano-programmet har i 2020 vidareført kartlegginga av særleg verdifulle og sårbare område på Spitsbergenbanken. Om lag 3600 km2 er djupnekartlagt. Sjå dei første terrengmodellane frå området.

Vis alle nyheter
Del