Mann i seilbåt peker på sjøkart i sin kartplotter. Foto: Adobestock
SJØSIKKERHEIT: Oppdaterte sjøkart er eit viktig bidrag til auka sjøsikkerheit. Illustrasjonsfoto: Adobestock.
Siste oppdatering

Sjøkart til kartplottarar

Elektroniske sjøkart til kartplottarar, basert på sjøkartdata frå Kartverket, blir tilbydd av fleire distributørar. Sjå oversikt over kven distributørane er.

Desse distributørane av elektroniske sjøkart til kartplottarar, bruker sjøkartdata frå Kartverket:

Kartverkets standard 

Viss distributørane lastar ned oppdateringar to gonger i månaden kan kartinnhaldet i kartplottaren vere på nivå med Kartverkets standard.

Kartverkets standard er at kartinnholdet er på nivå med de offisielle norske sjøkart på papir (POD-kart) som oppdaterast med rettingar frå Etterretninger for sjøfarende (Efs) kvar fjortande dag.

ENC vs. kartplottar

Produsentar av elektroniske sjøkart til kartplottarar kan få tilgang til kartdata frå Kartverket som dei nyttar i sin programvare. Desse kartløysingane er ikkje offisielle og er ikkje rekna som autoriserte sjøkart med unntak for mindre lasteskip. Se eiga forskrift: Forskrift om bygging, utrustning og tilsyn av mindre lasteskip - Lovdata

Del
XPPT