Landdivisjonen i Kartverket etablerer og forvaltar kartdata og geografisk informasjon for fastlands-Noreg. Dette skjer i samarbeid med kommunar, andre offentlege etatar og private verksemder.
Kart og kartdata
Divisjonen har ansvar for å halde ajour og forvalte dei nasjonale kartdatabasane N50-N5000 Kartdata, topografisk hovudkartserie Norge 1:50 000, landsdekkande terrengmodell, vegdatabasane Vbase og Elveg, samt koordinere og drifte Nasjonalt program for omløpsfotografering.
Divisjonen tek vare på historisk kart- og flyfotomateriale og driftar også eit register over luftfartshindre.
Ti fylkeskartkontor
Landdivisjonen held til ved hovudkontoret til Kartverket på Hønefoss, men har også ti fylkeskartkontor – frå Kristiansand i sør til Vadsø i nord.
Fylkeskartkontora samordnar arbeidet med geografisk informasjon som dei ulike kommunane og etatane gjer lokalt.
Koordinator
Landdivisjonen har viktige koordineringsoppgåver knytta til samordning og tilrettelegging for arbeidet med plan-, areal-, miljø- og samfunnsinformasjon, både nasjonalt og ute i fylka. Dette er eit samarbeid mellom kommunar, fylke og andre offentlege verksemder.