Velkommen til Kartverkets nye nettside! Les mer om nye kartverket.no her.

Siste oppdatering

Frå det ytste verdsrommet til dei djupaste havbotnar

Frå sjø til land, og frå det ytste verdsrommet til dei djupaste havbotnar. Kartverkets arbeidsfelt er omfattande og mangfaldig.

Oppgåver

Fellesnemnaren for oppgåvene til Kartverket er geografisk eller stadfesta informasjon, enten det handlar om datamengdene som ligg til grunn for eit kart, om stadnamn, eigedomsgrenser eller tinglyste rettar knytt til ein stad.

Statens kartverk, som er det fulle namnet i formelle samanhengar, samlar inn, systematiserer, forvaltar og vidareformidlar offentleg geografisk informasjon.

Les Kartverkets årsmeldingar og strategiar her.

Leveransane våre

Kartverket har ansvar for og skal levere følgjande:

  • Nasjonalt geodetisk grunnlag: Kartverket har ansvar for stadfestingsgrunnlaget som kart- og oppmålingsarbeida i Noreg byggjer på
  • Digitale kart: Kartverket produserer og forvaltar nasjonale digitale kartseriar (land- og sjøkart)
  • Tinglysing: Tinglysing i fast eigedom og andelar i burettslag
  • Eigedomsinformasjon: Kartverket driftar dei nasjonale registra for offentleg eigedomsinformasjon (matrikkelen og grunnboka)
  • Stadnamn: Forvaltar det nasjonale stadnamnregisteret (SSR)
  • Standardar: Nasjonale standardar for kart og geografisk informasjon
  • Posisjonstenester: Tenester som gir nøyaktig, satellittbasert posisjon
  • Elektronisk sjøkartteneste: Driftar den internasjonale elektroniske sjøkarttenesta Primar
  • Djupne- og høgdedata: Vi har ansvar for detaljerte høgde- og djupnedata. 

Geodatakoordinator

Kartverket har også ei viktig rolle som nasjonal geodatakoordinator. Det inneber at Kartverket leier og samordnar arbeidet med den nasjonale geografiske infrastrukturen i Noreg. Dette skjer i nært samarbeid med kommunane og andre offentlege leverandørar og brukarar av geografisk informasjon gjennom Noreg digitalt-samarbeidet.

Fire divisjonar

Kartverket er organisert i fire divisjonar: Eigedom, geodesi, land og sjø. Vi har også ei stor IT-avdeling. Les meir om  organisasjonskart og leiinga.

Landdivisjonen

Landdivisjonen etablerer og forvaltar kartdata og geografisk informasjon for fastlands-Noreg. Det skjer i samarbeid med kommunar, andre offentlege etatar og private verksemder. Divisjonen har ansvar for å halde ajour og forvalte dei nasjonale kartdatabasane N50-N5000 Kartdata, topografisk hovudkartserie Norge 1:50 000, landsdekkande terrengmodell og høgdedata, vegdatabasane Vbase og Elveg, samt koordinere og drifte nasjonalt program for omløpsfotografering.

Divisjonen tar vare på historisk kart- og flyfotomateriale og driftar også eit register over luftfartshindre. Landdivisjonen held til ved hovudkontoret til Kartverket på Hønefoss, men har også ti fylkeskartkontor – frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord. 

Sjødivisjonen

Sjødivisjonen har ansvaret for å utarbeide og vedlikehalde sjøkart, og dekkjer alle hav- og kystområda i Noreg og rundt Svalbard, i tillegg til norske område i Antarktis. Norges Sjøkartverk blei etablert i 1932, og har sidan 1986 vore ein divisjon i Kartverket. Sjødivisjonen held til i Stavanger.

Sjødivisjonen er den einaste autoriserte produsenten av offisielle sjøkart i Noreg, og fartøy over en viss storleik pliktar å bruke desse karta. Divisjonen er også ansvarleg for informasjon om farvatn, tidevatn og havstraumar. Han har vidare ansvar for djupnedatabase, og er også leverandør av djupnedata.

Sjødivisjonen har operatøransvar for den internasjonale sjøkarttenesta Primar, som leverer offisielle elektroniske sjøkart (ENC) til internasjonal skipsfart på vegner av nasjonar over heile verda.

Eigedomsdivisjonen

Eigedomsdivisjonen er nasjonal tinglysingsstyresmakt og sentral matrikkelstyresmakt. Divisjonen forvaltar data frå grunnbok og matrikkel, og har forvaltingsoppgåver knytt til lov om stadnamn og administrative grenser.

Som nasjonal tinglysingsstyresmakt har divisjonen ansvar for føring og formidling av data frå grunnboka for fast eigedom og andelar i burettslag. Eigedomsdivisjonen har også ansvar for matrikkelen, det nasjonale eigedomsregisteret, som blir oppdatert fortløpande i samarbeid med kommunane.

Eigedomsdivisjonen fastset skrivemåten i stadnamnsaker, og driftar det sentrale stadnamnregisteret. I tillegg har divisjonen forvaltingsoppgåver knytt til administrative grenser, som kommune- og riksgrenser.

Geodesidivisjonen

Geodesidivisjonen har ansvar for det nasjonale geodetiske grunnlaget, som er grunnlaget for all fastsetjing av posisjon, oppmåling, kartlegging og jordobservasjon. Divisjonen måler og fastset også nasjonale referanserammer for koordinatar, høgdereferanseflater, høgdegrunnlaget og landheving. Geodesidivisjonen driftar eit nasjonalt system for nøyaktig satellittbasert stadfesting av posisjonar. Posisjonstenestene kan fastsetje posisjonen på centimeteren og blir mellom anna nytta  i anleggsbransjen for å definere nøyaktig kor ein skal grave. Tenestene blir også nytta ved fastsetjing av eigedomsgrenser.

Det geodetiske observatoriet til Kartverket i Ny-Ålesund på Svalbard har ei nøkkelrolle i arbeidet med referanserammer og det globale samarbeidet om overvåkinga av jordkloden. 

Vi bygger det nye landskapet

Del