Siste oppdatering

Fritak for dokumentavgift

I enkelte situasjonar slepp du å betale dokumentavgift. Til dømes dersom du skal overføre eigedom til ektefelle. Krav om fritak må du skrive i skøytet.

Kven slepp å betale dokumentavgift?

I lov om dokumentavgift og i Stortingets vedtak om dokumentavgift er det gitt fritak frå plikta til å betale dokumentavgift i enkelte situasjonar. Ei fullstendig oversikt over alle fritaksgrunnane finn du i rundskrivet om dokumentavgift frå Skattedirektoratet. Her gir vi deg ei oversikt over dei vanlegaste situasjonane der dokumentavgifta blir heilt eller delvis redusert.

Hovudregel for dokumentavgift

Det skal som hovudregel alltid betalast dokumentavgift ved tinglysing av dokument som overfører grunnboksheimel til fast eigedom. Avgifta er 2,5 prosent av eigedomen sin marknadsverdi på tinglysingstidspunktet. Enkelte overføringar er likevel fritekne for avgiftsplikta. Nedanfor finn du ei oversikt over dei mest aktuelle fritaka.

Oversikt over dei mest brukte fritaksreglane:

Skriv inn fritaksgrunnen din i skøytet

Dersom du meiner å ha rett på eit av fritaka, må du skrive lovparagrafen som gir fritaket i punkt 3 i skøytet. Du må også skrive nokre ord om kva fritaket som gjeld, særleg når fritaksheimelen har fleire alternativ.

Eksempel: "Fritak for dokumentavgift pga. samlivsbrot mellom sambuarar, jf. dokumentavgiftslova § 8 andre ledd. Overføring av felles bustad".

I nokre situasjonar må du legge ved nødvendig dokumentasjon. I oversikten over dei vanlegaste fritaksgrunnane står det nærmare forklart om du må leggje ved dokumentasjon i di sak. Du kan også gje nærmare forklaring i eit følgjebrev.

Viss du ikkje finn ein fritaksgrunn som passar til din situasjon, må du betale dokumentavgift.

Avgiftsberekninga og spørsmål om eventuelle fritak blir avgjorde av Kartverket når dokumenta er sende inn til tinglysing i vanleg post. Vi kan ikkje svare på konkrete avgiftsspørsmål på førehand.

Ofte stilte spørsmål

Del