Velkommen til Kartverkets nye nettside! Les mer om nye kartverket.no her.

Siste oppdatering

Fritak for dokumentavgift

I enkelte situasjonar slepp du å betale dokumentavgift. Til dømes dersom du skal overføre eigedom til ektefelle. Krav om fritak må du skrive i skøytet.

Kven slepp å betale dokumentavgift?

I lov om dokumentavgift og i Stortingets vedtak om dokumentavgift er det gitt fritak frå plikta til å betale dokumentavgift i enkelte situasjonar. Ei fullstendig oversikt over alle fritaksgrunnane finn du i rundskrivet om dokumentavgift frå Skattedirektoratet. Her gir vi deg ei oversikt over dei vanlegaste situasjonane der dokumentavgifta blir heilt eller delvis redusert.

Hovudregel for dokumentavgift

Det skal som hovudregel alltid betalast dokumentavgift ved tinglysing av dokument som overfører grunnboksheimel til fast eigedom. Avgifta er 2,5 prosent av eigedomen sin marknadsverdi på tinglysingstidspunktet. Enkelte overføringar er likevel fritekne for avgiftsplikta. Nedanfor finn du ei oversikt over dei mest aktuelle fritaka.

Oversikt over dei mest brukte fritaksreglane:

Skriv inn fritaksgrunnen din i skøytet

Dersom du meiner å ha rett på eit av fritaka, må du skrive lovparagrafen som gir fritaket i punkt 3 i skøytet. Du må også skrive nokre ord om kva fritaket som gjeld, særleg når fritaksheimelen har fleire alternativ.

Eksempel: "Tomteverdi, jf. stortingsvedt. § 3, første overføring av fullstendig nyoppført bygning." I tillegg må du også legge ved nødvendig dokumentasjon. Det kan vere lurt å gi ei nærmare forklaring i eit følgjebrev. Viss du ikkje finn ein fritaksgrunn som passar til din situasjon, må du betale dokumentavgift.

Avgiftsberekninga og spørsmål om eventuelle fritak blir avgjorde av Kartverkt når dokumenta er sende inn til tinglysing i vanleg post. Vi kan ikkje svare på konkrete avgiftsspørsmål på førehand.

Ofte stilte spørsmål

Del