Velkommen til Kartverkets nye nettside! Les mer om nye kartverket.no her.

Siste oppdatering

Overføre borettslagsandel

For å tinglyse at ein andel i burettslag skifter eigar, må du fylle ut og sende inn skjema for overføring av andel i burettslag. Burettslagsandelar er fritatt for dokumentavgift.

Fyll ut hjemmelsoverføring ved overdragelse

For å tinglyse ei overføring av ein borettslagsandel fyller du ut skjemaet "Overføring av hjemmel til andel i borettslag". Det gjeld overføringar i samband med sal og overføringar av andre grunnar. Du bruker også skjemaet dersom du skal justere eigarbrøken mellom sameigarar.

Når du fyller ut skjemaet skal du identifisere burettslagsandelen med burettslaget sitt organisasjonsnummer og andelen sitt andelsnummer. Dersom du er usikker på desse nummmera kan du kontakte forretningsføraren til burettsalget for meir informasjon.

Burettslagsandel eller sjølveigar

Burettslagsandel og sjølveigar er to ulike bustadformer. Denne artikkelen handlar om burettslagsandelar. Dersom du er usikker på kva bustadform din bustad har, kan du kontakte styret i sameiget for meir informasjon. For sjølveigarbustadar må du fylle ut skøyte for å få tinglyst heimelsoverføringa.

Les meir om skøyte.

Signatur og vitner

Skjemaet skal vere signert av den eller dei som eig og har grunnboksheimel til burettslagsandelen. Denne signaturen skal vere original og vere vitna av to personar.

Vitna skal vere to myndige personar som er fast busett i Norge. Vitna kan ikkje vere i nær familie med den eller dei som mottek burettslagsandelen. Det vil seie at ektefelle, foreldre, born eller sysken ikkje kan vitne signaturen til den som overfører burettslagsandelen.

Tinglysingsgebyr

Tinglysingsgebyret for å tinglyse ei heimelsoverføring i ein burettslagsandel er 480 kroner. Det er ingen dokumentavgift ved overføring av burettslagsandelar.

Forkjøpsrett og melding til burettslag eller forretningsførar

Dei fleste burettslaga har vedtektsbestemt at burettslaget skal godkjenne nye eigarar. Det er også vanleg at andre andelseigarar i burettslaget eller bustadbyggelaget har forkjøpsrett når ein burettslagsandel skal seljast. Hugs difor å melde eigarskiftet til forretningsføraren til burettslaget, før du sender heimelsoverføringa til tinglysing.

Konsesjon

Du treng ikkje søke om konsesjon når du kjøper eller mottek ein burettslagsandel.

Nokon kommunar har nedsatt konsesjonsgrense. Dersom burettslagsandelen ligg i ein slik kommune må du fylle ut ei eigenfråsegn om konsesjonsfridom. Du skal bruke det raude skjemaet. Kommunen skal signere skjemaet. Eigenfråsegna skal sendast i original saman med overføringa til tinglysing.

Les meir om konsesjon i tinglysingssaker.

Adresse: Send dokumentene til:

Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik

Skjemaer

Ofte stilte spørsmål

Del