Innsendaren får fakturaen
Den som sender inn dokument til tinglysing må vere identifisert som innsendar. Det sikrar at faktura med gebyr og eventuell dokumentavgift blir sendt til riktig mottakar.
Innsendaren får rekninga
Den som står som innsendar på skjemaet får faktura på tinglysingsgebyr og ei eventuell dokumentavgift. Det er innsendaren som i fyrste omgang er ansvarleg for å betale. Innsendaren er pliktig til å skrive namnet, adressa og organisasjonsnummeret eller fødselsnummeret sitt ved tinglysing, slik at Kartverket sender fakturaen til riktig mottakar. Dersom du sender inn fleire dokument i same konvolutt, er det viktig at innsendaropplysningane er like på alle dokumenta.
Det er viktig at innsendaren blir identifisert av kun eitt organisasjonsnummer, eller eitt fødselsnummer. Fyljebrev frå profesjonelle inneheld ofte fleire organisasjonsnummer, som kan gjere det uklart for oss kven som er rett innsendar.
Dersom innsendaren er eit selskap må namnet skrivast på same måte som i Brønnøysundregistra, jf. forskrift om tinglysing § 4 andre ledd. Undereiningar skal identifisere seg med hjelp av underorganisasjonsnummeret.
Samsvar mellom fyljebrev og dokument
Informasjonen i fyljebrevet må samsvare med informasjonen i tinglysingsdokumenta. Dersom ein eigedomsmeklar sender inn eit pantedokument for ein bank, må eigedomsmeklaren streke over innsendaropplysningane til banken. Meklaren må skrive sitt eige namn og organisasjonsnummer i innsendarfeltet på pantedokumentet.
Skulle det likevel ikkje vere samsvar mellom den som har sendt fyljebrevet og innsendaropplysningane på dokumentet, vil vi bruke opplysningane i fyljebrevet. Den personen som har signert fyljebrevet vert rekna som innsendar i saka, og får tilsendt fakturaen.
Sende fakturaen til nokon andre enn innsendar
Kartverket kan ikkje sende fakturaen til nokon andre enn innsendaren, sjølv om innsendar ber om det i fyljebrevet, jf. lov om dokumentavgift § 6 og tinglysingsloven § 12 b.
Referansenummer
Innsendaren kan bruke eit eige referansenummer på saker til tinglysing. Referansenummeret kan bestå av både tall og bokstavar. Referansenummeret står på fakturaen, og kan vere eit nyttig hjelpemiddel til å sortere tinglysingssaker internt i større bedrifter.
E-posten er sendt