Velkommen til Kartverkets nye nettside! Les mer om nye kartverket.no her.

Siste oppdatering

Utdeling av fallen arv frå uskiftebuet

Ved overføring av eigedom frå uskifta bu til ein eller fleire av livsarvingane kan ein be om fritak for dokumentavgifta for den delen ein ville arva etter avdøde. Dette kaller vi utdeling av fallen arv.

Fritaksregelen for fallen arv

Dersom ein attlevande ektefelle eller sambuar som sit i uskifte ønskjer å overføre fast eigedom til ein av førstavdøde sine arvingar, kan mottakaren krevje dokumentavgiftsfritak for den arveparten som han har krav på som livsarving. Dette står i Stortingets vedtak om dokumentavgift § 2 f. I slike tilfelle er det viktig å halde den attlevande ektefellen sin part av felleseiget utanfor. Det betyr at i dei fleste tilfelle er det berre halve eigedomen som blir fordelt mellom arvingane.

Kva må eg sende inn?

Du må sende inn skøyte som gjeld utdeling av fallen arv etter avdøde. Du må i tillegg til skøytet, sende uskifteattesten. Du må også sende eit skriv der du forklarer kvifor du har fritak på delar av dokumentavgifta, kor stor del du har fritak på, og kven dei andre arvingane er.

Dersom den avdøde er tinglyst eigar på eigedomen, må du sende ein heimelserklæring som overfører eigedomen til den gjenlevande ektefellen i uskifte. Heimelserklæringa kan du sende på førehand, eller samtidig med skøytet som vidareføre eigedomen til arvingen.

Les her for informasjon om eigedomsoverdraging ved arv.

Les her for meir informasjon om skøyte.

Eksempel på utrekning

  1. Felleseige

    Ei enke sit i uskifte med ektefellane sitt felleseige, og ynskjer å overføre hytta til ein av dei tre sønene til ekteparet. Halvparten av hytta vil då utgjere enka sin part av felleseiget, og det er derfor berre den avdøde sin halvpart som skal gå i arv. Av denne halvparten skal enka sjølv arve 1/4 etter dei vanlege arvereglane. Saman med felleseigeparten vert dette 5/8 av heile hytta. 3/4 av arven står igjen til barna, det vil altså seie 3/8 av heile hytta. Denne parten må delast på talet barn. I dette eksempelet var det tre søner, og den eine sonen som skal overta hytta har då rett til å trekkje frå 1/8 av hytta sin verdi i utrekningsgrunnlaget for dokumentavgift. Dette er sonen sin arvepart etter faren.

  2. Særeige

    Dersom attlevande ektefelle sit i uskifte med ein eigedom som var den avdøde sitt særeige, så skal den attlevande ikkje ha ein obligatorisk halvpart, slik som i felleseigetilfella. Men hugs at den attlevande ektefellen like fullt er arving etter den avdøde, sjølv om eigedomen var denne sitt særeige. Brøken for utrekning av arveparten blir såleis 1/4 til ektefellen og 3/4 til barna. Dersom eit barn i ein søskenflokk på tre skal overta eigedomen aleine, kan han gjere frådrag for 1/4 av eigedomens verdi som arvepart etter sin avdøde forelder.

Ofte stilte spørsmål

Del