Tema Kartgrunnlag for Fastlands-Noreg Kartverket har sju basisdatasett som er gratis tilgjengeleg for nedlasting. N50 Kartdata er det mest detaljerte. Eigedomsdata Kartverkets eigedomsdata er gratis. Bankar, eigedomsmeklarar, advokatar, gründerar og andre offentlege og private verksemder kan kople seg direkte opp til grunnboka og eigedomsregisteret. Tidvatn og vasstand Tidvatn- og vasstandsdata som du finn på Se havnivå, er tilgjengeleg i eit API. Ein widget for Se havnivå gjer det mogleg å vise tidvassdata for ein vald stad på di nettside. Høgdedata og djupnedata Kartverkets terrengdata er gratis og tilgjengeleg både for nedlasting og gjennom API. Dei kan mellom anna nyttast til flom- og rasanalyser, berekning av vegtrasear, masseberekning og arealplanlegging i 3D. Kommunegrenser og andre grensedata Kartverket har datasett med kommunegrenser, fylkesgrenser, grunnkretsar, stemmekretsar og maritime grenser. Separasjonsmodellar Kartverket tilbyr ein rekke separasjonsmodellar som gjev deg skilnaden mellom to ulike referansenivå eller høgdesystem for eit geografisk område. Desse kan ta deg frå GNSS-målingar til høgder over havet eller over sjøkartnull, eller frå djupnedata i sjøkart til høgder i NN2000. Satellitt- og posisjonsdata Kartverket har satellittdata i sanntid som kan nyttast til å lage posisjonstenester. Vi tilbyr også analyseklare datasett og bakgrunnskart over Noreg basert på data frå satellitten Sentinel-2. Samferdsel Kartverkets samferdselsdata er gratis og omfattar alle vegar i Noreg med kopling til adresser, samt flyplassar og luftfartshinder. Stadnamndata Data frå sentralt stadnamnregister (SSR) er gratis, og uunnverlege i alle norske kart. Du kan anten laste dei ned eller knytte deg opp til registeret via API. Friluftsliv Kartverket har masse gratis data som kan brukast i turkart. Vi har datasettet som ligg til grunn for den nasjonale turkartserien i Noreg, og vi forvaltar hundrevis av turruter i nasjonal database for turruter. Tilgjengelegheitsdata Kartverket har kartlagt kor tilgjengelege tettstader og uteområde i Noreg er, og dataa er tilgjengelege for alle. Opptak av data om havbotn Planlegg du eller di verksemd å samle inn djupnedata eller anna informasjon om botnforhold? Da har du plikt til å melde i frå til Kartverket, og må kanskje søke om lov til dette. Gode døme på bruk av geodata Sjå temaside der vi presenterer ei rekkje døme på smart bruk av stedsdata (geodata / geografisk informasjon), og diplomutdeling i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Nasjonalt geodataråd. Vilkår og tilgang Vilkår for bruk av Kartverkets data Kjøpe kartdata Tilgang til Noreg digitalt-data Kartkatalog og API Kartverkets kartkatalog (Geonorge) Kartverkets API og tenester (Geonorge) Varsel om endringar i API og data (Geonorge) Kartverket på Github Rettleiing SOSI og andre format API og tenester (WMS, WFS etc.) Koordinatsystem og kartprojeksjonar Nedlasting av data frå Geonorge