Gode døme på bruk av geodata

Vi ønskjer med denne sida å vise fram nytteverdien av geodata og systema kring dei. Nasjonalt geodataråd og Kommunal- og moderniseringsdepartementet heidra i 2020 dei beste døma på bruk av geodata med diplom, og i 2021 er det ny konkurranse.

Om konkurransen

Inviterte til ny konkurranse

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup og nasjonalt geodataråd inviterte våren 2021 til ny konkurranse om dei beste og mest innovative døma på bruk av geografisk informasjon og staddata.

Jordklode med symboler rundt

Årets vinnarar blir kunngjort i august

Siste frist for å sende inn bidrag til årets konkurranse gjekk ut 21. mai. Takk for alle innsende bidrag. Vinnarane blir offentleggjort i august.

Sjå kven som vann i 2020

Vinnarbidraga i 2020 løyste høgaktuelle problemstillingar. Stikkord er geografiske data nytta i kampen mot koronaviruset, mot søppel på norske strender, og til utvikling av byar og tettstader.

Fakta Nasjonalt geodataråd

Nasjonalt geodataråd er oppnemnd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det bidrar til samarbeid om og bruk av geodata, og gir råd om oppfølging av nasjonale strategiar for felles geografisk infrastruktur. Kartverket er nasjonal geodatakoordinator og sekretariat for rådet.

Sjå geodatarådets mandat og samansetjing (Geonorge).

 

Fakta Geodata og Geonorge

Geonorge er den nasjonale nettsida for geodata, kartdata og annan stadfesta informasjon i Noreg. Her kan du søkje etter og få tilgang til det som er tilgjengeleg av slik informasjon.

Gå til Geonorge.

Presentasjon av 2020-vinnarane

Utvalde bidrag frå konkurransen i 2020

Beste kommersielle produkt

Vinner 2020: Augment City frå Offshore Simulator Centre AS lagar 3D-tvilling, ein digital kopi, av tettstader, byar og fylke.

Kombinerer data til ny kunnskap

Vinner 2020: «Rydde» og «Rent hav» frå Senter for oljevern og marint miljø (SOMM) og Hold Norge Rent bidrar til mindre plastforureining, betre miljø og meir kunnskap.

Kystdatahuset

Kystdatahuset er ei løysing for deling av offentlege data om skipsrørsler og aktivitet på sjøen. Kystverket.

Befaring for digitale møte

Tenesta presentere saksliste og illustrerer enkeltsaker ved hjelp av 3D-modellar og kart. Larvik kommune.

Adaptive Veg

Asplan Viak har utvikla ei teneste for å forenkle og effektivisere vegvedlikehald og vegforvaltning, spesielt i norske kommunar.

Del