Kartverkets eigedomsdata er gratis. Bankar, eigedomsmeklarar, advokatar, gründerar og andre offentlege og private verksemder kan kople seg direkte opp til grunnboka og eigedomsregisteret.
Data frå sentralt stadnamnregister (SSR) er gratis, og uunnverlege i alle norske kart. Du kan anten laste dei ned eller knytte deg opp til registeret via API.
Kartverkets terrengdata er gratis og tilgjengeleg både for nedlasting og gjennom API. Dei kan mellom anna nyttast til flom- og rasanalyser, berekning av vegtrasear, masseberekning og arealplanlegging i 3D.
Tidvatn- og vasstandsdata som du finn på Se havnivå, er tilgjengeleg i eit API. Ein widget for Se havnivå gjer det mogleg å vise tidvassdata for ein valt stad på di nettside.
Kartverket har masse gratis data som kan brukast i turkart. Vi har datasettet som ligg til grunn for den nasjonale turkartserien i Noreg, og vi forvaltar hundrevis av turruter i nasjonal database for turruter.
Kartverket har satellittdata i sanntid som kan nyttast til å lage posisjonstenester. Vi tilbyr også analyseklare datasett og bakgrunnskart over Noreg basert på data frå satellitten Sentinel-2.
Geodata, eller geografiske data, blir nytta i kampen mot koronaviruset og til mange andre samfunnsnyttige og verdiskapande føremål. Sjå temasida vår der vi presenterer ei rekkje gode døme på smart bruk av geodata.