Velkommen til Kartverkets nye nettside! Les mer om nye kartverket.no her.

Hus i bygdeby.
EIGEDOM. Kartverket har store mengder data om eigedomar, bygningar og adresser. Foto: Sveinung Engeland
Siste oppdatering

Eigedom og adresser

Kartverkets adressedata er gratis. Andre eigedomsdata må kjøpast.

Adresser er opne data som er gratis tilgjengeleg for nedlasting og gjennom eigne API. Det gjer at til dømes dei som lagar navigasjonssystem til køyretøy (GPS-en i bilen), kan oppdatere datagrunnlaget fortløpande.

Finn data Her får du tak i eigedomsdata

Private verksemder som vil søkje om tilgang til matrikkel- og grunnbok-API, kan kontakte oss på telefon 32 11 80 00 eller e-post post@kartverket.no.

Noreg digitalt-partar kan søkje om tilgang i eige matrikkel-søknadsskjema for Noreg digitalt.

Gratis adressedata finn du på Geonorge:

Adressedata

Er du privatperson og berre vil sjå all registrert informasjon om eigen eller andres eigedom, kan du gjere dette gratis på Se eiendom

Andre data frå matrikkelen (eigedomar og bygningar) og grunnboka (tinglyste rettar og hefte) må kjøpast, og ein får då tilgang gjennom API. Verksemder som ønskjer dette, må oppfylle visse krav som blir stilt i ei eiga utleveringsforskrift (Lovdata) og skrive under på ein avtale med Kartverket.

Alternativt kan ein kjøpe data av ei anna verksemd som har avtale med Kartverket.

Partar i Noreg digitalt får tilgang til matrikkelen, men må søkje om det.

Bruksområde

Matrikkelen og grunnboka inneheld ei rekkje opplysningar som er nødvendige for planlegging, utbygging, statistikk, bruk og vern av fast eigedom. Data frå matrikkelen og grunnboka kan også nyttast i nye tenester som gir publikum og profesjonelle i eigedomsmarknaden enkel tilgang til eigedomsinformasjon.

Adresser er nøkkelinformasjon i mange informasjonssystem. Adressedata er eigna til bruk i til dømes bilnavigasjonssystem, kart, presentasjonar, analyse og statistikk. Kopla saman med kor folk bur (folkeregisteret), kan adressedata brukast mellom anna til samfunnsanalyser og til ei rekkje andre samfunnsnyttige føremål.

Produkteigenskapar

Matrikkelen er det offisielle registeret over fast eiendom, og omfattar mellom anna bygningar, bustader/brukseiningar, fysiske adresser og eigedomar med eigedomsgrenser. Registeret inkluderer også data om grunnforureining og kultuminne og informasjon frå folkeregisteret og enhetsregisteret. Grunnboka er registeret over alle tinglyste rettar og hefte på fast eigedom.

Gjennom API-a for matrikkel og grunnbok får ein mellom anna tilgang til:

  • Massivuttrekk og enkeltoppslag
  • Endringslogg frå eit gitt tidspunkt for å oppdatere ein database. Ei slik oppdatering kan skje i tilnærma sanntid.
  • Førehandsdefinerte utskrifter, til dømes grunnboksutskrift

Format

For matrikkelen og grunnboka har vi følgjande typar API:  WMS, WFS og SOAP. Førehandsdefinerte utskrifter blir levert som pdf. Data for bygningspunkt og eigedomskart er også tilgjengeleg i formata FGDB, GML, PostGIS og SOSI, samt WFS.

Adresser frå matrikkelen er tilgjengeleg som CSV, FGDB, GML, PostGIS og SOSI. Datasettet har punkt-representasjon, og adressa er sett saman til ein tekststreng. Ein kan få tilgang til adressedata gjennom ulike API (WMS, WFS, SOAP og rest-API).

Rettleiing

Vi har laga ei eiga brukarrettleiing til rest-API for hurtigsøk på adresser.

Avtale og prisar

Sjå hovudrammeavtale for tilgang til Kartverkets data (pdf) som verksemder må skrive under på for å få tilgang til eigedomsdata. For prisar - sjå tilleggsavtale om eigedomsinformasjon (pdf).

Del

Finn meir data frå Kartverket

Kartverket lagar og forvaltar ei lang rekkje datasett som er sentrale i den geografiske infrastrukturen i Noreg, Finn fleire datasett på temasida vår for data og API.