Velkommen til Kartverkets nye nettside! Les mer om nye kartverket.no her.

Ung sporty kvinne vandrer på steinete sti som krysser bekk/elv på trebro
UT PÅ TUR: Kartverket har mellom anna data om turruter. Foto: Adobe Stock
Siste oppdatering

Kartdata om friluftsliv

Kartverket har masse gratis data som kan brukast i turkart. Vi har datasettet som ligg til grunn for den nasjonale turkartserien i Noreg, og vi forvaltar hundrevis av turruter i nasjonal database for turruter.

Finn data Her får du tak i friluftsdata

Vi har også eit API for å generere høgdeprofil for ein tur eller treningsrunde.  Med API-et kan du legge høgdeprofil-funksjon inn i eit digitalt kart. Med den kan ein sjekke kor kupert terrenget er før ein legg ut på til dømes ein trenings- eller fjelltur.

Bruksomåde

Datasettet N50 Kartdata er kartgrunnlaget for den nasjonale turkartserien Norge 1:50 000 og inneheld kartdata tilpassa kart i denne målestokken. Dette eignar seg for turkart på nett og papir. Du kan finne meir informasjon om datasettet på ei eiga side på kartverket.no om basis kartdata. 

Nasjonal database for turruter viser fotruter, skiløyper, sykkelruter, ro- og padleruter samt andre typar turruter. I tillegg inneheld han mellom anna hytter, parkeringsplassar, toalett og utkikkspunkt knytta til turrutene. Databasen kan til dømes nyttast i karttenester på nettet og som grunnlag for papirkart med turforslag.

Dataa eignar seg som grunnlag på alle nivå i plan- og byggesaksarbeid, i nasjonale planar, fylkes-, region- og kommuneplanar, byggesaker, risiko- og sårbarheitsanalyser (ROS) og konsekvensutgreiingar.

Databasen kan bidra til å sikre god forvalting av friluftsområde og vere eit godt kartgrunnlag til bruk i redningsaksjonar.

Produkteigenskapar

Nasjonal database for turruter inneheld turrruter med eit definert vedlikehaldsansvar. Det inneber at turrutene må vere merka eller skilta, og det må være nokon som har eit definert ansvar for dette.

Informasjon om type turrute, kven som har vedlikehaldsansvar for turruta og ei rekkje annan informasjon er lagra saman med turrutas geometri.

Turforslag er ikkje ein del av databasen.

Format

Data frå nasjonal database for turruter kan lastast ned i Esri filgeodatabase (FGDB), GML, GPX, PostGIS og SOSI.

Databasen er også tilgjengeleg gjennom API (WMS og WFS).

N50 Kartdata kan lastast ned i FGDB, GML, PostGIS og SOSI, og er tilgjengeleg gjennom fleire API (WMS, WMTS).

Høgdeprofil er tilgjengeleg gjennom WPS-API.

Bidra med turruter

Har du merka, skilta og tilrettelagt ei turrute? Her finn du ettleiing og meir informasjon om arbeidet med og forvaltinga av databasen.

Brukarhistorier Friluftsråd og turruter

Oslofjordens Friluftsråd er blant dei som hentar ruter frå nasjonal database for turruter. Rådet har ein kartportal for Oslofjorden der turrutene er teikna inn og der det er lenka til ei tekst om kvar kyststi, til dømes Kadettangen-Svartodden. Her kan ein også finne høgdeprofil for stien slik at ein kan sjå kva slags terreng stien går i.

Ut.no er ei anna nettside som hentar stiar og ruter frå turrutebasen.

Sjå turruter

Du kan sjå data frå turrutebasen på norgeskart.no (menyval Temakart/ Friluftsliv):

Del

Finn meir data frå Kartverket

Kartverket lagar og forvaltar ei lang rekkje datasett som er sentrale i den geografiske infrastrukturen i Noreg, Finn fleire datasett på temasida vår for data og API.