Samferdselsdata
Kartverkets samferdselsdata er gratis og omfattar alle vegar i Noreg med kopling til adresser, samt flyplassar og luftfartshinder.
Finn data Her får du tak i samferdselsdata
Du kan laste ned eller finne API for alle samferdselsdatasetta på Geonorge (lenka går til eit søk på "samferdsel" på Geonorge).
Brukarhistorier Viktig for blålysetatane
Vegdata blitt nytta til mange ulike føremål, frå kartframstilling til navigasjon og ruteplanlegging. Locus er et firma som nyttar datasettet Elveg som grunnlag for data til alle ambulansar, brannbiler og delar av politiet. Koplinga mellom vegnettet og adressedata er viktig og gjer at utrykkingskøyretøya kan finne frem raskast mogleg til rett stad i ein krisesituasjon.
Kartverket har to store vegdatabasar, Elveg og Vbase. Begge er landsdekkande datasett med alle køyrbare vegar i Noreg som er lengre enn 50 meter, samt gang- og sykkelvegar. Nasjonalt register over luftfartshindre inneheld høge installasjonar, som master og kraftlinjer, som fly og helikopter må vere merksame på.
Vi har også eit datasett som inneheld lufthamner med fly- og helikopterplassar. Dette kan mellom anna nyttast til analyser og illustrasjonar.
Bruksområde
Kartverkets vegdata er viktige i kartframstilling, adressekart, temakart og liknande. Dei blir nytta til navigasjon og ruteplanlegging og også i samanheng med samfunnsplanlegging, beredskap og adressering.
Data frå registeret over luftfartshinder kan nyttast i elektroniske kart- og varslingssystem i fly og helikopter.
Produkteigenskapar
Elveg inneheld vegnett med adressepunkt, gatenamn, fartsgrenser, trafikkreguleringar og andre vegrestriksjonar. Dette datasettet er mest eigna til navigasjon og ruteplanlegging.
Vbase har det same innhaldet på geometrien som Elveg, men har ikkje med vegrestriksjonar og adresser. Vbase er godt eigna til bruk i kartframstilling.
Nasjonalt register over luftfartshinder inneheld posisjon og andre eigenskapar for menneskeskapte objekt som stikk opp frå terrenget, til dømes master, tårn, kraner og kraftleidningar. Hindra er representert som vektorar, anten punkt eller liner.
Format
Elveg kan lastast ned i to separate SOSI-filer med vegnett og adresser, og tekstfiler med restriksjonar i kommunevise filer. Desse kan også lastast ned som fylkesfiler eller ei landsfil.
Vbase er på formata Shape og SOSI og kan lastast ned kommunevis eller fylkesvis.
I tillegg er det to ulike API (WMS) tilgjengelig basert på vegnettet.
Data om luftfartshinder er tilgjengeleg i GML og SOSI og kan også hentast gjennom API (WMS).
Datasettet med flyplassar finst som FGDB, GML, PostGIS og SOSI.
E-posten er sendt