Velkommen til Kartverkets nye nettside! Les mer om nye kartverket.no her.

Siste oppdatering

Kjøpe kartdata

Vil du kjøpe Kartverkets kartdata, kan du sende oss ein e-post dersom det gjeld kartdata djupnedata eller sjørelaterte data. Gjeld det landbaserte data, må du kontakte ein av forhandlarane våre.

Merk at mykje av Kartverkets data er gratis. Unntaket er grovt sett eigedomsdata, ortofoto og dei mest detaljerte kartdataa. Sjå kva for data vi har på API og data-sida vår.

Ønskjer du å kjøpe eit ferdig kart, kan du bestille kartet her.

Til havs

Djupnedata og terrengmodellar av havbotnen er gratis tilgjengeleg for nedlasting og gjennom API. Detaljerte djupnedata må kjøpast. Dersom du ønskjer dette, kan du kontakte sjødivisjonen vår på e-post sjo@kartverket.no

Til lands

Detaljerte kartdata for landjorda i større målestokkar enn 1: 50 000 (Geovekst-produkt, inkludert laserdata) og ortofoto kan bestillast via desse forhandlarane:

FKB-data (detaljerte kartdata) kan også kjøpast direkte frå den aktuelle kommunen.

Eigedom

Digitalt eigedomskart (DEK) kan kjøpast direkte frå den aktuelle kommunen.

Digitale eigedomsdata frå matrikkelen og grunnboka kan bestillast anten direkte frå Kartverket (send ein e-post til post@kartverket.no) eller via ei verksemd som har avtale med Kartverket. Les meir om prisar og vilkår for kjøp av eigedomsdata her.

Noreg digitalt Utvida tilgang som Noreg digitalt-medlem

Medlemar i Noreg digitalt har eigne ordningar med gratis tilgang til fleire og meir detaljerte data. Les meir om Noreg digitalt og krav for å bli medlem (Geonorge).

Del

Finn meir data frå Kartverket

Kartverket lagar og forvaltar ei lang rekkje datasett som er sentrale i den geografiske infrastrukturen i Noreg, Finn fleire datasett på temasida vår for data og API.