Landskapsbilde fra fjellområde og vegskilt med teksten Trøndelag fylke
HER GÅR GRENSA. Kartverkets grensedata er fritt tilgjengelege. Foto: Sveinung Engeland
Siste oppdatering

Kommunegrenser og andre grensedata

Kartverkets datasett med kommunar, fylke, kretsar og maritime grenser kan fritt lastast ned. Du kan også få tilgang via API.

Finn data Her får du tak i grensedata

(lenker til Geonorge)

Du kan også sjå kommune- og fylkesgrensene på norgeskart.no. Er du meir interessert i detaljane på eigedomsgrensenivå, kan du gå inn via Se eiendom. Der kan du også sjå kretsinformasjon på adressene.

Bruksområde

Datasetta kan nyttast i papirkart, interaktive kart og liknande produkt. Grensedata blir brukt i saksbehandling i forvaltninga og til presentasjon av statistikk og analyser. Dei eignar seg godt for kopling mot andre temadata. Kommune- og fylkesinndelinga er nyttig i beredskap for å vise kven som har ansvar på ulike stader.

Produkteigenskapar

Datasetta med kommune- og fylkesgrenser viser den offisielle administrative inndelinga av Noreg. Dei byggjer på eigedomsgrenser frå matrikkelen og dei offisielle riksgrensene, territorialgrensa og avtalte avgrensingslinjer i sjø. Datasetta nyttar dei offisielle norske, samiske og kvenske namna. I tillegg er det informasjon om samiske forvaltingsområde.

Kommunefila inneheld grunnlinje og 1 nautisk mil langs kysten. Dei historiske versjonane er også tilgjengelege for nedlasting.

Grunnkretsar og stemmekretsar byggjer på grenser frå datasett over kommunar. Grunnkretsane har informasjon om grunnkretsnummer og -namn. Grunnkretsar er også tilgjengelege i historiske versjonar. Stemmekretsar har informasjon om stemmekretsnummer og -namn, teljekretsnummer og -namn og valdistriktsnummer.

Datasettet med maritime grenser inneheld grenser og soner i havområde som inngår i Noregs lover og forskrifter. Grensene og områda er samanstilt i eit offisielt datasett som dekkjer Fastlands-Noreg, Jan Mayen og Svalbard, samt Bouvetøya. Grensene byggjer i hovudsak på grunnlinjene og berekningar vi har gjort av parallelle linjer nemnd som virkeområda til ulike lover. Koordinatane for dei avtalte avgrensingslinjene er henta frå traktatar med andre land. Grensene har tilvisingar til lover og kjelder. Kartverket tar ikkje ansvar for eventuelle endringar som andre land gjer for eigne grenser.

Format

Kommune-og fylkesgrenser, grunnkretsar og stemmekretsar er tilgjengelege som FGDB, GEOJSON, GML, PostGIS og SOSI. Kommune- og fylkesgrenser er også tilgjengeleg gjennom følgjande API: WMS, WFS og REST-API. Stemmekretsar er tilgjengeleg via WMS.

Maritime grenser er tilgjengeleg i SOSI og via WMS.

Illustrasjonskart med grenser

Vi har også eit utval illustrasjonskart med fylkes- og kommunegrenser og maritime grenser. Du finn illustrasjonskarta her. Desse kan fritt lastast ned og er tilgjengelege som JPEG, EMF- og Powerpoint-format (PPT) slik at dei skal vere enkle å nytte i presentasjonar.

Del

Finn meir data frå Kartverket

Kartverket lagar og forvaltar ei lang rekkje datasett som er sentrale i den geografiske infrastrukturen i Noreg, Finn fleire datasett på temasida vår for data og API.