Velkommen til Kartverkets nye nettside! Les mer om nye kartverket.no her.

Vegskilt med teksten Å
STADNAMN. Meir enn ein million stadnamn er tilgjengeleg fra sentralt stedsnavnregister. Foto: Adobe Stock
Siste oppdatering

Stadnamndata

Data frå Sentralt stadnamnregister (SSR) er gratis, og uunnverlege i alle norske kart. Du kan anten laste alle stadnamna ned eller knyte deg opp til registeret via API.

Finn data Her får du tak i stadnamndata

Finn stadnamndata

(lenka går til søk på stadnamn på Geonorge)

Sentralt stadnamnregister er det offisielle norske registeret over stadnamn i offentleg bruk. Det inneheld over 1 million stadnamn. Kartverket viser stadnamndata frå registeret på norgeskart.no, og der kan du også søkje på stadnamn i registeret.

Bruksområde

Stadnamndata kan nyttast i kart og hentast inn i ulike digitale kart- og stadrelaterte tenester. Det kan også nyttast til analyse og presentasjon i GIS-system, i undervisning,  slektsforsking og anna forsking.

API-et for indeksert søk eignar seg for stadnamnsøk i interaktive kart og andre digitale løysingar.

Produkteienskapar

Stadnamn-datasetta er basert på kartseriane Norge 1:50 000, økonomisk kartverk, sjøkart og namnevedtak gjort etter stadnamnlova.

Brukarhistorier Utan stadnamn - inga vermelding!

Stadnamn er uunnverleg i dei fleste digitale kartløysingar der stad er ein faktor. Dei aller fleste digitale kart over Noreg byggjer på stadnamndata frå Kartverket. Mellom anna er vervarslinga avhengig av stadnamn, og Yr hentar sjølvsagt stadnamn frå Kartverket og sentralt stedsnavnregister.

Kvart namn har opplysningar om språk/språkform, koordinatar for posisjon (punkt), kommune, temakode for namnetype, vedtakstype, dato for registrering av namnevedtak og i kva slags samanheng namnet er brukt.

Format

Stadnamndata kan lastast ned i GML eller SOSI. Dei er også tilgjengelege som API: WMS og indeksert søk. 

Det indekserte søket er tilgjengeleg som webservice med ei rekkje obligatoriske og frivillige parametrar. Det har både eit SOAP-grensesnitt og eit REST- grensesnitt med retur i XML-format, med identiske spørrings- og returparametrar for dei to grensesnitta.

Rettleiing

Her er brukarrettleiing for API-et med det indekserte søket. Den er retta mot utviklarar og føreset IT-kunnskapar.

Del

Finn meir data frå Kartverket

Kartverket lagar og forvaltar ei lang rekkje datasett som er sentrale i den geografiske infrastrukturen i Noreg, Finn fleire datasett på temasida vår for data og API.