Siste oppdatering

Opne vasstandsdata

Tidvatn- og vasstandsdata som du finn på Se havnivå, er tilgjengeleg i eit API. Ein widget for Se havnivå gjer det mogleg å vise tidvassdata for ein valt stad på di nettside.

Finn data Data for vasstand og tidvatn

Her får du meir informasjon om bruk av API for vasstandsdata:

API vasstand

Data for vasstand og tidvatn er gjort tilgjengeleg gjennom eit API slik at ein kan henta ut og integrera data med eigne system.

Du kan få dataa i xml-format, som pdf-fil eller som tekst-fil.

API-et er open for alle, og det er ikkje nødvendig med registrering, men vi krev å bli namngitt som kjelde.

Send gjerne ei tilbakemelding på e-post til kundesenter@kartverket.no, spesielt om du nyttar datasetta til å lage nye tenester eller app-ar.

Widget for tidvatn

Widgeten gjer at du enkelt kan vise data for tidvatn direkte på nettstaden din og gje besøkande oppdatert informasjon om flod og fjære direkte frå Kartverkets database. Widgeten kan til dømes vere verdifull for kystkommunar, båthamner, lokale media, badestrender og campingplassar. 

Slik sett du opp widgeten på din nettstad:

  • Søk på stad/posisjon du ønskjer å hente varsel for tidvatn frå, inne på Se havnivå.
  • Heilt til høgre, under varsel om neste forventa låg- og høgvatn (flod og fjære), finn du menypunktet </>.
  • Klikk på menypunktet </> og kopier koden.
  • Bygg koden inn i di eiga publiseringsløysing.
  • Widget på engelsk: Legg til language=en i URL (lenkeadresse).

No kan du gje brukarane av nettstaden din oppdatert, lokal informasjon om tidvatn. Viss brukaren klikkar på lenka "Gå til Se havnivå" i botn av widgeten, vil ho kome til søkeresultat for staden i Se havnivå-tenesta.

Tidvasstabellar og vasstandsvarsel på Se havnivå

Observert og varsla vasstand, flod og fjære og tabellar for tidvatn finn du i nettenesta Se havnivå. Bruk vasstandsvarsel for de næraste dagane og tidvasstabell for å planleggje lengre fram i tid.

Brukarhistorie Forsking

Vasstandsdata er brukt i framskriving av framtidig havnivå, m.a. i rapporten "Sea Level Change for Norway- Past and Present Observations and Projections to 2100".

Del

Finn meir data frå Kartverket

Kartverket lagar og forvaltar ei lang rekkje datasett som er sentrale i den geografiske infrastrukturen i Noreg, Finn fleire datasett på temasida vår for data og API.