Velkommen til Kartverkets nye nettside! Les mer om nye kartverket.no her.

Fjellandskap
Heile det nasjonale kartgrunnlaget er gratis tilgjengeleg for nedlasting. Foto: Sveinung Engeland
Siste oppdatering

Kartgrunnlag Fastlands-Noreg

Kartverket har sju basisdatasett som er gratis tilgjengeleg for nedlasting. N50 Kartdata er det mest detaljerte. Datasetta finst både som vektordata og rasterdata.

Til saman dekkjer dei topografiske databasane N50 Kartdata, N250 Kartdata, N500 Kartdata, N1000 Kartdata, N2000 Kartdata og N5000 Kartdata målestokkane frå 1:25 000 til 1:7 000 000. Det inneber at dei passar til mange ulike typar bruk.

Vil du visualisere kartdataa, kan du laste ned skjermkartografispesifikasjonen (pdf).

Du kan også laste ned alle datasetta som rasterdata i form av bildefiler. Sjå eigen artikkel om dei tilsvarande rasterdata-setta her.

FINN KARTDATA Her får du tak i kartdata

Bruksområde

Datasetta eignar seg mellom anna for framstilling av topografiske kart, temakart, tur- og fritidskart og interaktive kart, og som kartgrunnlag for kartløysingar på internett. Dei er også godt eigna for geografiske analyser.

N50 Kartdata ligg til grunn for den nasjonale kartserien Norge 1:50 000.

Produkteigenskapar

Datasetta inneheld tema som:

  • Administrative område
  • Arealdekke
  • Bygningar og anlegg
  • Høgde
  • Restriksjonsområde
  • Samferdsel
  • Stadnamn

Datasetta dekkjer fastlands-Noreg avgrensa av riksgrensa mot nabolanda og territorialgrensa i havet. Dataa er generaliserte og kartografisk redigerte med tanke på dei målestokkane dei skal dekkje.

Format

Vektordatasetta kan du laste ned som ESRI filgeodatabase, PostGIS, SOSI og GML.

Meir detaljerte data

I tillegg driftar Kartverket Felles kartdatabase (FKB). Dette er ei samling datasett med endå meir detaljerte data samla inn gjennom eit spleiselag mellom staten, kommunane, energiverka og Telenor. FKB-data er tilpassa bruk i målestokk 1:500 til 1:30 000. Dette er ikkje opne eller gratis data, og ein må kontakte Geovekst-partane for å kjøpe tilgang til dei.

Del

Finn meir data frå Kartverket

Kartverket lagar og forvaltar ei lang rekkje datasett som er sentrale i den geografiske infrastrukturen i Noreg, Finn fleire datasett på temasida vår for data og API.