API og data

Tema

Eigedomsdata

Kartverkets eigedomsdata er gratis. Bankar, eigedomsmeklarar, advokatar, gründerar og andre offentlege og private verksemder kan kople seg direkte opp til grunnboka og eigedomsregisteret.

Tidvatn og vasstand

Tidvatn- og vasstandsdata som du finn på Se havnivå, er tilgjengeleg i eit API. Ein widget for Se havnivå gjer det mogleg å vise tidvassdata for ein vald stad på di nettside.

Høgdedata og djupnedata

Kartverkets terrengdata er gratis og tilgjengeleg både for nedlasting og gjennom API. Dei kan mellom anna nyttast til flom- og rasanalyser, berekning av vegtrasear, masseberekning og arealplanlegging i 3D.

Separasjonsmodellar

Kartverket tilbyr ein rekke separasjonsmodellar som gjev deg skilnaden mellom to ulike referansenivå eller høgdesystem for eit geografisk område. Desse kan ta deg frå GNSS-målingar til høgder over havet eller over sjøkartnull, eller frå djupnedata i sjøkart til høgder i NN2000.

Satellitt- og posisjonsdata

Kartverket har satellittdata i sanntid som kan nyttast til å lage posisjonstenester. Vi tilbyr også analyseklare datasett og bakgrunnskart over Noreg basert på data frå satellitten Sentinel-2.

Samferdsel

Kartverkets samferdselsdata er gratis og omfattar alle vegar i Noreg med kopling til adresser, samt flyplassar og luftfartshinder.

Stadnamndata

Data frå sentralt stadnamnregister (SSR) er gratis, og uunnverlege i alle norske kart. Du kan anten laste dei ned eller knytte deg opp til registeret via API.

Friluftsliv

Kartverket har masse gratis data som kan brukast i turkart. Vi har datasettet som ligg til grunn for den nasjonale turkartserien i Noreg, og vi forvaltar hundrevis av turruter i nasjonal database for turruter.

Gode døme på bruk av geodata

Sjå temaside der vi presenterer ei rekkje døme på smart bruk av stedsdata (geodata / geografisk informasjon), og diplomutdeling i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Nasjonalt geodataråd.