Konsesjon ved tinglysing
Å få konsesjon betyr å få løyve frå kommunen for å overta eigedom. Ved tinglysing av eigarskifte, eller avtale om langvarig bruksrett må du kontakte kommunen for å avklare konsesjonsforholdet.
Finn ut kva som gjeld for eigedomen
Det er ikkje alltid nødvendig å søkje om konsesjon når du overtek ein eigedom. I mange tilfelle er ervervet konsesjonsfritt, men du må likevel fylle ut ei eigenerklæring om konsesjonsfridom. I andre tilfelle treng du verken å søkje om konsesjon eller sende inn eigenerklæring.
Bruk vegvisaren nedanfor for å finne ut om du må sende inn eigenerklæring om konsesjonsfridom. Vegvisaren dekkjer dei vanlegaste typane eigedomsoverføringar. Dersom eigedomen eller situasjonen din ikkje er dekt av vegvisaren, må du kontakte kommunen der eigedomen ligg.
Send eigenerklæring eller søknad til kommunen
Dersom du må sende inn eigenerklæring om konsesjonsfridom eller søkje om konsesjon, skal skjemaet sendast til kommunen der eigedomen ligg. Kommunen kan hjelpe deg dersom du er usikker på kva skjema du skal bruke eller korleis det skal fyllast ut.
Skjema finn du hos Landbruksdirektoratet:
Digital konsesjonsavklaring i enkelte kommunar
I nokre kommunar kan vanleg eigenerklæring om konsesjonsfridom også sendast inn digitalt gjennon Min kommune.
Vent til kommunen har registrert konsesjonsforholdet
Kommunen må behandle saka og registrere konsesjonsforholdet før du sender dokumenta til tinglysing hos Kartverket. Er du usikker på om konsesjonsforholdet er registrert og klart for tinglysing, må du kontakte kommunen.
Dokumenta kan bli returnerte utan tinglysing dersom nødvendig konsesjonsinformasjon manglar.
Område med nedsett konsesjonsgrense
Nokre kommunar har nedsett konsesjonsgrense i heile eller delar av kommunen. Det kan påverke kva reglar som gjeld når du overtek ein eigedom.
Du kan sjå kva kommuner dette gjeld på Landbruksdirektoratets nettside.
Eigenerklæring for eigedom i ein kommune med nedsett konsesjonsgrense kan førebels ikkje sendast inn digitalt. Du må bruke papirskjema og sende det til kommunen.
Kven slepp eigenfråsegn om konsesjonsfridom?
Det er ikkje alltid du treng å registere informasjon hjå kommunen om konsesjonsforholdet. Nedanfor finn du ein vegvisar kor du legg inn informasjon om eigedomen for å sjå om du treng eigenerklæring eller ikkje. Vegvisaren tar ikkje for seg alle typer eigedomar. Dersom eigedomstypen din ikkje er nemnt i vegvisaren må du kontakte kommunen der eigedomen ligg.
Når konsesjonsforholdet må sendast i vanleg post til Kartverket
I enkelte saker kan konsesjonsforholdet ikkje registrerast slik at opplysningane blir tilgjengelege automatisk for Kartverket. Dette gjeld mellom anna:
- arealoverføring mellom eigedomar
- eksklusiv bruksrett til eit bestemt areal i meir enn 10 år
- overføring av burettslagsandel der andelen ligg i ein kommune med nedsett konsesjonsgrense
I desse tilfella må dokumentasjonen frå kommunen leggjast ved når dokumenta blir sende til tinglysing.
Konsesjonsvedtak ved overføring av eigedom
For større eigedomar, til dømes landbrukseigedom, må du sjekke om du treng å søkje om konsesjon. Kommunen vil registrere konsesjonsvedtaket, slik at det blir tilgjengeleg for Kartverket.
Du kan også lese meir om konsesjonsvedtak i vårt rundskriv for tinglysing.
Eigenerklæring om konsesjonsfrihet
Eigenerklæring
Skjemaet gjeld til dømes ved overdraging av mindre tomter, eller eigedomar over to dekar.
Søknad om konsesjon
Konsesjonsvedtak
Skjemaet gjeld til dømes for større landbrukseigedomar.
Digital konsesjonsavklaring - eigenerklæring om konsesjonsfrihet
Digital konsesjonsavklaring
Kommunar som tilbyr digital konsesjonsavklaring for eigenerklæring:
- Bergen
- Kristiansand
- Nordre Follo
- Sandnes
- Tromsø
- Trondheim
- Øksnes
- Ås
E-posten er sendt