Siste oppdatering

Tinglysingsgebyr

Du må betale gebyr for kvart dokument du sender til tinglysing. I tillegg må du betale dokumentavgift ved overføring av grunnboksheimel til fast eigedom. Nedanfor finn du ei prisliste.

Korleis vert gebyr bestemt

Tinglysingsgebyret er bestemt i lov og forskrift. Plikta til å betale gebyret er bestemt i tinglysingsloven § 12b og burettslagsloven § 6-16. Storleiken på gebyret er fastsett i ei felles forskrift med heimel i de same avgjerslene.

Papirbasert innsending og elektronisk innsending har ulike gebyr. Gebyret for tinglysing i fast eigedom for papirbasert innsending er 585 kroner, og 540 kroner for elektronisk innsending. For tinglysing i burettslagsandelar er tinglysingsgebyret for papirbasert innsending 480 kroner, og 440 kroner for elektronisk innsending.

Forskrift om gebyr for tinglysing, registrering eller anmerkning i grunnboka.

 

Prisliste for gebyr ved tinglysing

Fast eigedom

Papirbasert innsending

Elektronisk innsending

Tinglysing av skøyte, heimelserklæring ved arv og skifte, pantedokument, prioritetsviking, transport, erklæring om rett, festekontrakt, leigekontrakt, kjøpekontrakt, ektepakt, opprette ny eigedom, seksjonering m.m. 585 kr 540 kr
Refinansiering (innanfor same låneramme, same pantsettar og same panteobjekt). 200 kr 200 kr
Anke over tinglysingsvedtak, til dømes nekting eller retting av grunnboka. Anka vert handsama av lagmannsretten. 7032 kr -
Sletting av dokument, pantefråfall, nedkvittering, heimelserklæring ved uskifte, utleggsforretning og andre tvangsforretningar, samanslåing av eigedommer m.m. 0 kr 0 kr

Burettslagsandelar

Papirbasert innsending

Elektronisk innsending

Overføring av andel i burettslag, heimelserklæring ved arv og skifte, pantedokument, prioritetsvikelse, m.m. 480 kr 440 kr
Tinglysing av nytt burettslag. 4300 kr -
Fyljande tinglysing av nye andelar i eit burettslag og deling av burettslagsandelar. 430 kr -
Anke over tinglysingsvedtak, til dømes nekting eller retting av grunnboka. Anken vert handsama av lagmannsretten. 7032 kr -
Sletting av dokument, pantefrafall, nedkvittering, heimelserklæring ved uskifte, utleggsforretning og andre tvangsforretningar, samanslåing av burettslagsandelar m.m. 0 kr 0 kr

Bestilling fra grunnboka

Pris

 
Bekreftet grunnboksutskrift, fast eigedom eller burettslagsandel 172 kr  
Historisk grunnboksutskrift, fast eigedom eller burettslagsandel 40 kr  
Kopi av tinglyst dokument, fast eigedom eller burettslagsandel 172 kr  
Kopi av grunnboksblad fra gamal manuell grunnbok, fast eigedom 172 kr  

 

Dokumentavgift

Når du overfører grunnboksheimel til fast eigedom må du som hovudregel betale 2,5 % av eigedomens marknadsverdi. Dette kjem i tillegg til tinglysingsgebyret. Det finnes fleire fritakgrunnar som gjer at nokon ikkje må betala dokumentavgift.

Les meir om dokumentavgift.

Betaling

Den som sender dokumenta til tinglysing får ein faktura etter at dokumenta er tinglyst. Betalingsfristen er 14 dagar. Vi tilbyr også avtale om elektronisk faktura for profesjonelle brukarar.

Les meir om kven som får fakturaen.

Del