Siste oppdatering

Kalorifritt Kinderegg frå Kartverket

Påske på landet, på vatnet eller på fjellet? Er du klar for ei 3 i 1-utfordring; eit lite geografisk kinderegg? Kva med ein tur til høgdepunktet, midtpunktet og audepunktet i kommunen der du feirar påska?

Tru mot tradisjonen lokkar Kartverket med det statlege, kalorifrie alternativet til eit Kinderegg: Garantert fritt for feit sjokolade, berre pakka med statsautoriserte, trygge ting som topografiske høgdepunkt, geografiske midtpunkt og episke audepunkt, toppa med eit gratis kompasskurs.

Påskeegg med nødplakat og eit turskilt
PÅSKE-HYGGE: Har du tenkt deg til fjellet eller på sjøen i påska, har Kartverket sitt påskeegg gode tips til turen. (Ill.foto: Iver Daaland Åse/ Kartverket)

 

Høgdepunktet

Frå nasjonal-ikonet Galdhøpiggen til dei mindre kjende toppunkta i kvar kommune, er fjella ein fascinerande del av Noregs geografi og kultur. Enten du samlar på store eller små høgdepunkt i livet, vil planlegge ein fjelltur, eller berre har lyst på ei utfordring i påska, får du bokstaveleg talt oversikt med toppunkt-lista til Kartverket.

Hugs at det ikkje alltid er ein fjelltopp: I mange kommunar er det høgaste punktet på veg opp mot ein høgare topp i nabokommunen. Med høgaste punkt i kvar kommune kan du planlegge spennande turar heime, i nabokommunen eller ved hytta di.

Eller som AI/ kunstig intelligens entusiastisk messar: «La desse toppane vera ei påminning om skjønnheita til naturen og vår evne til å nå nye høgder. Oppdag skjulte perler i ditt eige lokalmiljø!»

Midtpunktet

Er du ein type som betre liker tryggleik, vil du kanskje heller søke inn mot midtpunktet. Kartverket gir deg sjølvsagt trygt følgje også om du vel den vegen:

Vi har laga ei liste som viser det geografiske midtpunktet for alle kommunane. Dette er tyngdepunktet av arealet, altså der ein utskoren pappfigur av kommunen i teorien ville balansert på eit spikarhovud.

Det kan vere ein heilt annan stad enn du skulle tru: Lenge trudde ein til dømes at Noregs midtpunkt var på Helgeland. Men det var fram til Kartverket tok fram reknesakene og plasserte arealtyngdepunktet vest for Skjækerfjella i Trøndelag. Sjå lista vår for midtpunkt i alle kommunane.

Audepunktet

Det siste tilskotet på Kartverket si «go to»-liste, er dei mest aude stadene i kvar kommune. Her kan du gå ein tur på stien og søke skogens ro, utan å møte ein annan som er ko-ko.

Dette er dei punkta som er lengst unna moderne infrastruktur, enten det er hytter, vegar eller kraftlinjer. I nokre kommunar er dette sårbare naturområde der villreinen kalvar eller makrellterna hekkar. Derfor har vi lagt til ein kolonne med lenke til faktaark for viktige verneområde.

Villmarkskjensla kan variere sterkt gjennom det langstrekte landet vårt: I Klepp, som er den minst aude kommunen i landet, er det berre 290 meter til næraste inngrep same kvar du snur deg. Finn din næraste audestad.

Papirkart gir tryggleik

Usikker på korleis du finn fram i påskerebusen? I listene våre er det Norgeskart-lenke til høgdepunktet, midtpunktet og audepunktet. Du finn også GPX-filer som du kan laste inn på GPS-en.

Vil du køyre litt meir «old school», finn du også UTM-koordinatane til alle stadene i listene våre. Desse kan du lese av på UTM-rutenettet i dei vanlege turkarta Noreg 1:50 000 som bruker N50 kartdata.

Karta kan skrivast ut gratis med funksjonen «Turkartet mitt» i norgeskart.no, og du kan vere trygg på at du får siste versjon: Kartgrunnlaget blir nemleg oppdatert kvar veke, blant anna basert på tilbakemeldingar som du kan gi gjennom «Rettikartet.no».

Du vel sjølv kva område du vil laga turkart frå, og kan skrive ut karta på ein vanleg A4-skrivar. Vil du ha stort kart, kan du bestille utskrifta hos ein av POD-forhandlarane våre. Les meir på turkart-sidene våre eller gå til Norgeskart.no. Der lager du turkart enkelt med å trykke i kartet og velje "Lag turkart" i menyen som kjem fram til venstre.

Gratis kompass-kurs

Er kunnskapen om kart og kompass litt rusta? Det er inga skam å snu – eller å ta ei lita oppfriskingsøkt: Kartverkets Kinderegg er nemleg toppa med kompasskurs – leikande lett på 1-2-3:

Skispor og skygge av en person i låg kveldssol over snøen
NÅR SKUGGENE BLIR LANGE: ...er det greit å komme seg i hus. Ta med deg gratis turkart som du kan skrive ut på din eigen skrivar, så finn du vegen trygt heim. (Ill.foto: Åsgeir Størdal)
  1. Legg kompasskanten frå der du er til dit du skal på kartet, med kurspila (ikkje den magnetiske kompassnåla eller det vridbare kompasshuset) peikande i den retninga du skal gå.
  2. Hald kompasset i ro mot kartet og drei kompasshuset (den vribare skiva) inntil strekane er parallelle med nord/sør-linjene på kartert med N-merket mot nord (oppover i leseretninga).
  3. Ta kompasset vekk frå kartet, hald det flatt i handa og vri deg sakte fram til den frittflytande kompassnåla peikar mot nord parallelt med strekane inne i kompasshuset. Kurspila på kompasset peikar no i den retninga du skal gå.

Hugs at kompasset berre gir deg luftlinje frå der du tar ut kursen til dit du skal, noko som sjeldan er gangbart meir enn nokre hundre meter eller eit par kilometer mellom bakkar og berg.

Derfor bør du splitte opp turen der du må skifte kurs på grunn av terrenget. Bruk merkepunkt som er synlege i terrenget, så som småknausar, bekkesvingar eller markerte kantar som vatn og myrer.

Nokre stader må du også korrigere for magnetisk feilvising, særleg viss du skal gå lange strekk. Det kan du lese meir om i Kartverkets kompasskurs.

Kartverket sin nødplakat

I påska dreg mange på hytta. Ikkje alle har vegadresse til fritidsbustaden sin, noko som kan få konsekvensar når minutta tel. Enten hytta di har eiga adresse eller må finnast med koordinatar, er nødplakaten til Kartverket god å ha:

Då kan du og gjestene dine raskt lese av posisjonen til hytta og gi beskjed til alarmsentralen når noko skjer. Heng plakaten på utedoen eller i gangen, eller eit annan lett synleg stad der alle raskt finn plakaten igjen!

Les meir om korleis du lagar nødplakat eller gå rett til Norgeskart.no. Der kan du enkelt skrive ut nødplakat ved å plassera markøren på rett stad og trykke «Lag nødplakat» i venstremenyen som kjem fram når du plasserer markøren.

Påske på sjøen

Krev påskestemninga di salt havluft i nasen? Sørg for ei trygg oppleving og god stemning når du tar med familien på sjøen! Bruk sjøkartet til å gjere deg kjend med området du skal segle i: Det er ingen grunn til å gå på grunn.

Synstolka versjon av filmen Kvalitet i sjøkarta.

Skal du ha påske på sjøen for første gong og akkurat held på å ta båtførarprøva? Her kan du laste ned gratis skulekart til båtførarprøva.

Med Kartverket på laget legg du grunnlaget for å ha kontroll ute på sjøen. Planlegg påskeseglinga i oppdaterte sjøkart og sjekk moglegheiter og avgrensingar i farvasskildringa Den norske los.

Ta ei innføring i sjøkartet, ha tydelege roller ombord, og pass godt på kartlesaren. Øving gjer meister – både for gammal og ung: Les meir om korleis du får ei god oppleving på sjøen, eller sjå dei kjekke videoane i sakene under. 

Del
XPPT