Med heimel i § 12 i lov om stadnamn har Kartverket fått oppgåva å drifte og utvikle registeret.

Søk i Sentralt stadnamnregister

Informasjon om einskildnamn kan du få kostnadsfritt over telefon 32 11 80 00 eller via post@kartverket.no.

Skrivemåtar som kan brukast i det offentlege

Når skrivemåten av eit stadnamn er vedteken etter gjennomførd namnesak, skal namnet leggjast inn i SSR. Alle andre skrivemåtar av dette namnet er då avslegne og skal ikkje brukast korkje på offentlege kart eller i  annan dokumentsamanheng. Men alle namneformer òg avslåtte former vil kunne brukast i søk på nett-tenester både innanfor og utanfor Kartverket.

Skrivemåtar som har vore i bruk før stadnamnlova vart sett i verk 1.7.1991, kan brukast av det offentlege inntil ein annan skrivemåte blir vedteken gjennom namnesak eller blir nedprioritert til fordel for ein annan skrivemåte som er meir i samsvar med lova.

Namn frå vegskilt, sjøkart, økonomisk kartverk og andre produkt utgitt før 1.7.1991 med ”godkjend(e)” skrivemåtar, blir framleis lasta inn i SSR. Vi legg også inn stadnamn med skrivemåtar som IKKJE er lovlege til offentleg bruk etter stadnamnlova. Desse blir koda som namneforslag F, men er tilgjengelege som søkjeord i nett-tenestene.

Namn som ikkje er regulerte av lova

Ein del stadnamn med skrivemåtestatus "Privat" ligg òg i registeret. Det er namn på industriføretak og småbedrifter, turisthytter, hotell, campingplassar, m.m., der det er eigarane som bestemmer skrivemåten. Namn koda med ”Historisk” (H), er namn som er gått ut av bruk pga. nedlegging eller fordi staden/institusjonen no har eit anna namn. Norske og relevante utanlandske namn utanfor Fastlands-Noreg, der lova ikkje gjeld, har fått skrivemåtestatusen ”Internasjonalt”. Nokre kommunar har òg lagt inn lokalt innsamla stadnamn som namneforslag (Uvurdert) i SSR.

Bruksområde

SSR blir nytta dagleg i namneforvaltninga, til namnsetjing, i kartproduksjon, ved adressetildeling og til informasjon om utbreiing av eit namn eller namneledd, til forskning og undervisning. SSR er eit godt hjelpemiddel i kartproduksjonen, men fyrst og fremst er det eit verktøy i forvaltninga etter lov om stadnamn.

Kva inneheld registeret?

I tillegg til opplysningar om skrivemåten har registeret informasjon om språk/språkform (norsk, nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, kvensk, skoltesamisk), kasus, kva for fylke eller kommune staden tilhøyrer, geografisk plassering (koordinatar), objekttype (kva det er namn på), status for skrivemåten, om namnet er behandla i namnesak, vedtaksinstans, vedtaksdato i tillegg til dokumentasjon på  bruk (på kart, skilt osb.). Her er òg namn på stader utanfor ”Fastlands-Noreg” med andre lands land- og språkkodar frå Aust-Grønland i vest til Novaja Zemlja i aust.

Samisk og kvensk i SSR

I SSR i dag har vi ca. 2 500 stader med kvenske stadnamn og ca. 30 000 stader som har eit samisk stadnamn i eit av dei fire samiske språka vi nyttar i stadnamnregisteret.

Vedtekne skrivemåtar skal brukast

Opplysningane i registeret er offentlege. Når skrivemåten av eit stadnamn er vedteken etter lov om stadnamn og er førd i SSR, skal berre denne skrivemåten brukast av alle offentlege organ. Alle som etter lova skal bruke stadnamn i offentleg teneste, har plikt til å skaffe seg opplysning om offisiell skrivemåte.

Introduksjon til SSR

Det er òg mogleg å bruke innsynsverktøyet SSR som er ein Java-applikasjon som kan startast frå denne adressa: https://stedsnavn.kartverket.no/stedsnavn. Denne krev brukarnamn og passord. Dette kan ein få ved førespurnad til Kartverket. All informasjon i denne applikasjonen er og tilgjengeleg gjennom norgeskart.no