Velkommen til Kartverkets nye nettside! Les mer om nye kartverket.no her.

Siste oppdatering

Stadnamn og offisielle språk i Noreg

Rettskrivingsreglane for norsk, samisk og kvensk ligg til grunn når skrivemåten for stadnamn skal fastsetjast.

Denne artikkelen finnes også på nordsamisk, se Báikenamat ja riektačállin.

I norsk rettskriving har vi to målformer med to sett rettskrivingsreglar; bokmål og nynorsk. I tillegg har vi regions- eller minoritetsspråka samisk (sørsamisk, lulesamisk, nordsamisk) og kvensk.

Norsk

Tidlegare normeringsreglar for stadnamn, frå 1912 fram til Føresegner om skrivemåten av stadnamn i 1957, slo fast at nynorsk rettskriving (landsmålsrettskrivinga) skulle følgjast. Til dømes skulle ein skrive -vatn og -skjer over heile landet, jamvel om uttalen var /vann/ og /skjær/.

I dagens regelverk står båe målformer likt. Hovudregelen er at ein skal ta utgangspunkt i den lokale nedervde uttalen og at skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk (bokmål eller nynorsk).

Det er irrelevant å skilje mellom bokmål og nynorsk ved skrivemåten av stadnamn. Innsjønamna Kilevann og Mjøvann i Skien kommune skal til dømes skrivast slik både i bokmåls- og nynorsktekst, medan Botsvatn og Kaldsvatn i Bykle kommune skal skrivast med -vatn.

Fleirspråklege område

For fleirspråklege område er regelen i lov om stadnamn § 11 andre ledd at samiske og kvenske namn som blir nytta blant folk som bur fast på eller har næringsmessig tilknyting til staden, til vanleg skal brukast av det offentlege t.d. på kart, skilt, i register, saman med eventuelt norsk namn.

§ 4 i forskrift om stadnamn gir reglar for geografisk utbreiing av nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk rettskriving.

Forvaltningsområdet for samisk språk

I forvaltningsområdet for samisk språk skal rekkjefølgja av namna vere samisk, norsk, kvensk.

Forvaltningsområdet for samisk språk omfattar dei tre nordlegaste fylkeskommunane og desse kommunane (sortert på fylke):

Troms og Finnmark – Romsa ja Finnmárku – Tromssa ja Finmarkku:
Guovdageaidnu Kautokeino, Kárášjohka Karasjok, Deatnu Tana, Unjárga Nesseby, Porsanger Porsáŋgu Porsanki (kommunenamnet inklusiv rekkjefølgja for kommunenamnet blei vedteke før gjeldande rekkjefølgjeregel trådde i kraft), Gáivuotna – Kåfjord – Kaivuono, Loabák – Lavangen, Dielddanuorri – Tjeldsund

Nordland
Aarborte – Hattfjelldal, Hábmer – Hamarøy

Trøndelag – Trööndelage:
Snåase Snåsa, Raarvihke Røyrvik, Røros

Fleirspråklege fylkes- og kommunenamn

Troms og Finnmark Romsa ja Finnmárku Tromssa ja Finmarkku har trespråkleg namn, mens Trøndelag – Trööndelage har tospråkleg namn.

Kommunar med tospråklege namn:

  • Åtte kommunar i Troms og Finnmark: Guovdageaidnu Kautokeino, Kárášjohka Karasjok, Deatnu Tana, Unjárga Nesseby, Loabák – Lavangen, Harstad – Hárstták, Dielddanuorri – Tjeldsund, Hammerfest – Hámmerfeasta
  • Fire kommunar i Nordland: Hábmer – Hamarøy, Fauske – Fuossko, Sortland – Suortá, Aarborte – Hattfjelldal
  • Tre kommunar i Trøndelag: Snåase Snåsa, Raarvihke Røyrvik, Namsos – Nåavmesjenjaelmie

Kommunar med trespråklege namn:

  • Fire kommunar i Troms og Finnmark: Porsanger Porsáŋgu  Porsanki, Storfjord Omasvuotna Omasvuono, Gáivuotna – Kåfjord  Kaivuono, Nordreisa – Ráisa – Raisi

Av di samisk og kvensk er kasusspråk, skal genitivsforma av stadnamnet brukast når nemninga for fylke og kommune (funksjonstillegget) er med.

Korrekte skrivemåtar av fleirspråklege fylkes- og kommunenamn (det samiske namnet står først for kommunane som er med i forvaltingsområdet for samisk språk, unntatt for Porsanger kommune, sjå ovanfor):

Troms og Finnmark

Nordland

Trøndelag

Del