Slik fastset Kartverket skrivemåten av stadnamn
Her kan du sjå saksgangen i ei stadnamnsak og korleis saksbehandlinga i Kartverket er lagd opp.
Kartverket fastset skrivemåten av mellom anna gards-/bruksnamn og naturnamn, medan det er den nedarva stadnamntradisjonen som avgjer namnevalet, dvs. kva staden heiter. På nye statlege anlegg er det anleggseigaren som avgjer namnevalet, medan Kartverket fastset skrivemåten.
Det finst òg andre vedtaksorgan i stadnamnsaker, mellom andre kommunane. Sjå forklaring om kommunal namnsetjing på nettsidene til Språkrådet.
Saksgang etter lov om stadnamn
- Nokon tek opp namnesak etter lov om stadnamn (§ 6 fyrste ledd).
- Kartverket (§ 7 tredje ledd i lova) førebur saka og sender høyringsbrev til kommunen.
Sametinget og Språkrådet (kvensk stadnamnteneste) skal fyrst gje ei førebels tilråding i saker som gjeld samiske eller kvenske namn. Sjå Sametinget si nettside. - Kommunen legg saka ut på høyring med to månaders frist. Kommunen sender direkte brev til eigarar/festarar i saker som gjeld bruksnamn. Saka skal kunngjerast for lokale organisasjonar som har særleg tilknyting til namnet.
Etter høyringsrunden sender kommunen innkomne høyringssvar til Språkrådet og/eller Sametinget, med kopi til Kartverket. - Språkrådet/Sametinget gjev tilråding om skrivemåten.
- Kartverket gjer vedtak om skrivemåten. Vedtaket skal vere skriftleg og grunngjeve.
- Kartverket sender vedtaket til kommunen og den som har teke opp saka. Kartverket sender òg vedtaket til Språkrådet/Sametinget og andre offentlege organ som skal bruke namnet i tenesta.
- Kommunen skal sende vedtaket direkte til eigarar/festarar dersom saka gjeld bruksnamnet deira. Vedtaket skal òg sendast til dei som har uttala seg i saka etter § 8 fyrste ledd i stadnamnlova, og det skal kunngjerast for dei som har klagerett etter § 12 i lova.
- Kartverket registrerer vedtaket i Sentralt stadnamnregister (SSR). Derifrå kjem namna ut i Norgeskart.
Klage
Kartverket sine vedtak i stadnamnsaker kan klagast på. Ei klage skal sendast til Kartverket, og klaga skal grunngjevast. Saksgangen i klagesaker er den same som i fyrste gongs behandling. Dersom klagaren ikkje får medhald, vert saka send til Klagenemnda for stadnamnsaker. Vedtak i Klagenemnda er endelege.
Både stat, fylkeskommunar og kommunar skal bruke skrivemåtane som er vedtekne.
E-posten er sendt