Sjøkart går ut på dato. Du kan sølv sjekke om ditt kart er gyldig. I hjørnet på papirkartet, nede til venstre, er månad og år for når sjøkartet blei utgjeve angitt, i tillegg til kva utgjeving av Etterretninger for sjøfarende (Efs) kartet er oppdatert til. Kvar og ein sjøfarande skal vere oppmerksam på den risiko det medfører å ikkje segle på oppdaterte sjøkart, og det ansvar dei derved pådreg seg.

Norske sjøkart trykkast ikkje, men oppdaterast kontinuerlig og kan kjøpast som Pint on Demand-kart. Er det større endringar i kartet, gis det ut som eit «nytt kart» eller «ny utgåve». Sjå oversikt over utgivelsesdato (kartdato) for norske sjøkart.

Nytt sjøkart

Eit sjøkart blir utgjeve i kategorien «nytt kart» når det har store endringar i utforming, avgrensing eller innhald.

Eit «nytt kart» er ei første utgjeving av eit sjøkart som anten:

  • dekkjer eit område som ikkje tidelgare er kartlagt i målestokken som det gjeld.
  • omfattar nytt dekningsområde for eit allereie eksisterande kart.
  • omfattar ein modernisert versjon av eksisterande kart med omsyn til symbol og generell presentasjon.
  • omfattar adoptering av eit internasjonalt kart (INT-kart), eller eit nasjonalt kart først utgjeve av ein anna nasjon.

Eit nytt kart gjer alle tidlegare utgåver av sjøkartet ugyldig. Melding om kartrettingar i Etterretninger for sjøfarende(Efs) vil frå dette tidspunkt berre vere knytt til det nye kartet.

Ny utgåve av sjøkart

Viss Kartverket har fått ny informasjon om svært viktige endringar av navigasjonsmessig betyding vil sjøkartet bli utgjeve i kategorien «ny utgåve». Sjøkartet vil, i tillegg til desse vesentlige endringane, innehalde rettingar som tidlegare har vore publisert i Etterretninger for sjøfarende (Efs).

Når eit sjøkart blir utgjeve som ny utgåve vil eksisterande utgåve av kartet gjerast ugyldig. Melding om kartrettingar i Etterretninger for sjøfarende (Efs) vil frå dette tidspunkt berre vere knytt til det nye kartet.

Kva sjøkart som kjem ut som nye utgåver eller nye sjøkart publiserast på sida «Nyheter om sjøkart».

Rettingar meldast i Etterretninger for sjøfarende (Efs)

Alle sikkerheitskritiske oppdateringar og rettingar til Kartverkets sjøkart blir publisert kvar fjortande dag i Etterretninger for sjøfarende (Efs) på kartverket.no/efs.

QR-kode

Sjøkarta er påført ein QR-kode som gjer det mogleg, ved hjelp av smarttelefon eller nettbrett, å få tilgang til alle rettingar knytt til sjøkartet. Dessutan får du tilgang til all informasjon om sjøkartet og gyldigheit.

Målestokk

Ved navigering i tronge farvatn bør ein bruke sjøkart i størst målestokk, da desse gjev dei beste og mest detaljerte opplysningane. Kart i mindre målestokk er sterkt forenkla i farvatn innaskjærs.

Den offisielle norske sjøkartporteføljen som blir utgjeve av Kartverket inneheld 233 kart. Desse har målestokk som er tilpassa ulike brukarbehov.

Les meir om sjøkart på papir.

Kjeldediagram

Datakvaliteten i eit kart avhenger av når områda sjøkartet dekkjer blei kartlagt, er ulik. Når det er stor variasjon i datakvaliteten i eit kart brukast det derfor eit kjeldediagram. Kjeldediagrammet viser ved hjelp av fargar korleis dei forskjellige områda i kartet ble sjømålt. Dette seier indirekte noko om kvaliteten.

Den aller viktigaste funksjon til kjeldediagrammet er å synleggjere område kor datagrunnlaget er av betydeleg dårligare kvalitet, altså der det er forbundet med ein større risiko å navigere.

Kjeldediagram i eit hovudseriekart (målestokk 1:50 000) er eit lite og generalisert kartbilde i målestokk 1:500 000, som plasserast på eit egna sted i papirkartet.

I et kjeldediagram brukast følgande fargar:

  • Gult for landareal (same farge som landtone i kartet)
  • Rødt angjev eldre data, vanlegvis målt med loddesnor. Området er da kartlagt før ca. 1960.
  • Grønt angjev meir moderne data. Desse er kartlagt med enkeltstråle-ekkolodd (sjømålt ca. i perioden 1960 til 1995).
  • Blått angjev moderne data. Desse er kartlagt ved hjelp av multistråle-ekkolodd eller laser.
  • Kvit farge betyr at området ikkje er kartlagt.

Spesialar og vignettar

I hovudkart og hamnekart vil ein kunne finne små kart i eigne rammar: Vignettar og spesialar.

Kva er ein vignett?

  • Vignetten viser ei fortsetting av kartet der kartbildet går ut over avgrensinga i kartet, til dømes ein lang fjord som det ikkje er mogleg å utvide kartramma for.
  • Har same målestokk som sjølve kartet.
  • «Continued on Plan» står med raud skrift langs kartramma der seglasen fortsett over i ein vignett.

Kva er ein spesial?

  • Ein spesial er eit utsnitt av kartet som visast i eigen kartramme.
  • Viser eit viktig parti av sjøkartet i ein større og betre målestokk, til dømes viktige hamner og tronge passasjar.
  • Område kor det finnast spesialar er merket med ei raud ramme og «Plan» i raud tekst i sjølve kartet.
  • Kartramma rundt vignettar og spesialar er like.

Datum

Alle gjeldande norske sjøkart har (pr. nov 2015) datum WGS84. Datum angir kva gradnett kartet er basert på. Kva datum sjøkartet har står med stor raud skrift øvst i høgre hjørne i papirkartet. Posisjonar frå GPS-baserte system kan brukast direkte i sjøkart med WGS84 gradnett.

For å finne ein posisjon (oppgitt i grader, minuttar og sekunder) i kartet må ein vite kva datum koordinatane er oppgjeve i. I tillegg må ein sjekke kva datum kartet har. Viss datum ikkje er den same vil posisjonen bli feil. Om kartet har eit datum ulikt det posisjonen er oppgjeve i, må ein regne om koordinatane (grader, minuttar og sekunder) før ein kan sette posisjonen i kartet.

Fram til 1957 blei norsk datum (NGO1948) brukt, medan sjøkart produsert mellom 1957–1992 er basert på europeisk datum (ED50). Sjøkart produsert etter 1992 refererer til det globale datumet World Geodetic System (WGS84). I dag refererer alle dei norske sjøkarta til WGS84.

WGS84 erstatta ED50 som offisielt horisontalt referansesystem på sjøen. WGS84 er eit internasjonalt geodetisk referansesystem utan dei store uregelmessigheitene forbunde med dei tidligare systema.

Losskisse (Harbour sketch)

Ei losskisse er eit kart som er produsert spesielt til farvatnskildringa Den norske los.

Viss eit område i sjøkartet er merka med ei raud ramme og teksten «Harbour sketch» betyr det at det finnast ei losskisse for dette området i Den norske los. Nedst i kartrama vil du finne informasjon om kva bind av Den norske los du kan finne losskissa i.

Losskissene er i målestokk på 1:5 000 og 1:10 000, men det finnast nokre unntak i målestokk 1:20 000.

Det er viktig å merke seg at losskissene ikkje oppdaterast like ofte som sjøkarta. Dette betyr at ei losskisse er eit navigasjonshjelpemiddel, ikkje et offisielt sjøkart.