Siste oppdatering

Høg vasstand i Drammen og indre Oslofjord 23. august

Mange følgde spent med på vasstanden i Drammen fredag 23. august. Nokre hadde ein Elvefestival og eit tivoli å passe på, andre følgde med på båtar og brygger. Om femti år kan denne vasstanden vere ei årleg hending.

– Det skal berre omlag 25 cm havnivåstigning til for at hendinga den 23. august blir ei årleg hending. Ifølgje ein havnivårapport frå Norsk klimaservicesenter vil dette med dagens klimapolitikk kunne skje rundt år 2070–2080, seier seksjonssjef og oseanograf Aksel Voldsund i Kartverket sin sjødivisjon.

Sesongen for stormflod i Noreg startar vanlegvis først i oktober. Den høge vasstanden som ramma indre Oslofjord og Drammen var ei kraftig hending som skjedde tidleg, men var det ny rekord?

Hos Kartverket og Meteorologisk institutt var spenninga difor knytt til kva den nye vasstandsmålaren i Solumstrand ville vise.

Rekordtidleg stormflod

Kartverket har sett på statistikken over innsamla vasstandsdata. Både Oscarsborg, Oslo og Solumstrand nådde alle 5-års høgvatn. Solumstrand nådde opp til 10-års høgvatn, men ettersom tidsserien her framleis er kort, er desse nivåa delvis basert på statistikk frå Viker. I Oslo og Oscarsborg kom vasstanden eit par centimeter over 5-års høgvatn.

Basert på grenseverdien 5 års høgvatn, var dette ei rekordtidleg hending. Det er ingen av Kartverket sine permanente vasstandsmålarar som har kome over 5-års høgvatn i august. (Dei aller nyaste permanente vasstandsmålarane er ikkje med i statistikken då desse har for korte tidsseriar.)

Eit 5-års høgvatn er et nivå som i gjennomsnitt blir overstige éin gong kvart femte år. Ein annan måte å seie dette på er at det er 20 prosent sannsynleg at dette nivået vil overstigast kva år som helst.

Gult farevarsel

Det vart sendt ut gult farevarsel for høg vasstand i Oslofjorden og Drammensfjorden 23. august:

Eit lågtrykk vest for Noreg gav kraftig sønnavind i Skagerrak og Oslofjorden. Dette førte til at vatn blei «dytta» inn i Oslofjorden og gav høgare vasstand enn normalt. I ytre Oslofjord blei det målt opp til liten storm (Færder fyr, 21.6 m/s) denne fredagen. I tillegg til lågt lufttrykk, resulterte dette i eit vêrbidrag til vasstanden på over 1 meter; 117 cm fredag klokka 19.20 for Drammen og 120 cm for Oslo.

Ny vasstandsmålar gir betre varsel

Vasstandsinformasjon i Drammensfjorden har tidlegare vore basert på målestasjonar utanfor fjorden. I november i fjor installerte Kartverket ein permanent vasstandsmålar ved Solumstrand, i samarbeid med Drammen kommune og Drammen hamn.

Ettersom vasstanden i Drammensfjorden kan vere påverka av både Drammenselva og at innløpet til fjorden ved Svelvik er veldig smalt, har vi no mykje meir nøyaktig informasjon om vasstanden i fjorden.

Da farevarselet om høg vasstand kom, måtte beredskapssjefen i Drammen kommune ta kontakt med arrangøren av Elvefestivalen og førebu dei på den høge vasstanden. Fagmiljø i Kartverket og hos Meteorologisk institutt vart også kontakta i førebuingane. Samstundes vart det ein dialog med flaumvarslinga i NVE om vasstand og vassføring i elva.

Etter kvart vil målingar frå den nye vasstandsmålaren ved Solumstrand også forbetre vasstandsvarsla frå Meteorologisk institutt. Drammen er eit område der det finst mykje infrastruktur ved sjøen og utløpet av Drammenselva. Derfor er betre varslingsmodellar svært nyttig. Betre vasstandsdata styrker både i beredskapsarbeid og kunnskapsgrunnlaget for klimatilpassing for m.a. kommunar.

Framtidig havnivå

Havnivåstigning i framtida kan føre til at areal, bygningar og infrastruktur som i dag ligg på land, kan fløyme over – enten permanent eller ved høge vasstandar. Det er klimaendringar som gjer at havet stig. Nye berekningar i havnivårapporten frå Norsk klimaservicesenter viser at det meste av norskekysten vil oppleve havnivåstigning.

I ein ny havnivårettleiar frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) gis det konkrete råd og anbefalingar om korleis kommunane skal bruke tala for havnivåstigning i sitt planarbeid. Kommunane er anbefalt å bruke ein eller fleire ulike strategiar i dette arbeidet.

Figur 1: Kart over indre del av Drammensfjorden. Raud prikk viser vasstandsmålaren ved Solumstrand, blå prikk er den nedste målaren til NVE i Drammenselva.
Figur 1: Kart over indre del av Drammensfjorden. Raud prikk viser vasstandsmålaren ved Solumstrand, blå prikk er den nedste målaren til NVE i Drammenselva.
Figur 2: Alle Kartverkets vasstandsmålarar i området viser same mønster: Vasstanden steig raskt på ettermiddagen, og sank deretter raskt. Figuren viser også data frå NVE sin målestasjon ved Øvre Sund bru, nedst i Drammenselva, henta frå sildre.nve.no.
Figur 2: Alle Kartverkets vasstandsmålarar i området viser same mønster: Vasstanden steig raskt på ettermiddagen, og sank deretter raskt. Figuren viser også data frå NVE sin målestasjon ved Øvre Sund bru, nedst i Drammenselva, henta frå sildre.nve.no.

 

Høgaste målte vasstand

Tabell 1: Oscarsborg, Oslo og Solumstrand nådde alle 5 års høgvatn. Solumstrand nådde opp til 10 års høgvatn, men ettersom tidsserien her framleis er kort, er desse returnivåa delvis basert på statistikk frå Viker. Dermed er det større uvisse på dei tala.

Stasjon

Høgaste målte vasstand

(cm over NN2000)

Tidspunkt 23. august

5 års høgvatn

Viker

107,6

18:00

117

Oscarsborg

124,4

18:40

123

Oslo

131,1

19:10

129

Solumstrand

129,6

19:19

123

 

Vasstandsvarsel og farevarsel

Meteorologisk institutt lager vasstandsvarsel og sendar ut farevarsel for høg vasstand. Observasjonar av vasstand i sanntid blir brukt til å korrigere varsla frå modellane, samt av vakthavande meteorolog, for å verifisere varsla som blir sendt ut. I ettertid kan vi samanlikne varsla vasstand med fasiten, som vist i figuren under.

Informasjon om observert og varsla vasstand, tidvatn, framtidig havnivå og landheving er tilgjengeleg for alle i Kartverket sin teneste Se havnivå. Kartverket har nasjonalt ansvar for å måle havnivået. Dette omfattar vasstandsmåling og geodetiske målingar.

Figur 3: Figuren viser at varselet trefte godt med tanke på kor høgt vatnet kom på det høgaste, men at tidspunktet for toppen var omtrent ein time for tidleg. Merk at varselet vert oppdatert to gonger i døgnet og går fem dagar fram i tid. Figuren viser det siste varselet som vart laga, det vil seie midt på dagen den 23. august.
Figur 3: Figuren viser at varselet trefte godt med tanke på kor høgt vatnet kom på det høgaste, men at tidspunktet for toppen var omtrent ein time for tidleg. Merk at varselet vert oppdatert to gonger i døgnet og går fem dagar fram i tid. Figuren viser det siste varselet som vart laga, det vil seie midt på dagen den 23. august.

Kontaktar

Del
XPPT