Vintermorgen på en strand i Lofoten. Det er lavvann og bølger slår mot land. Foto: Gooman/Mostphotos
FLOD ELLER FJÆRE: Vasstand varierer på grunn av tidvatn og påverknad frå vêret. Kartverket utarbeidar Noregs offisielle tabellar for tidvatn, som du finn på vår netteneste «Se havnivå» saman med varsla og observert vasstand. Foto: Gooman/Mostphotos
Siste oppdatering

Kvalitet på tidvatn- og vasstandsdata

Informasjon om tidvatn og vasstand vist på «Se havnivå» er delt inn i fire klasser, frå høg til låg kvalitet.

I første omgang har Kartverket gjort ei grovvurdering av kvalitet på tidvatn- og vasstandsdata. Vi skal vurdere fleire eldre måleseriar, og saman med nye måleseriar vil dette danne grunnlaget for ei regelmessig oppdatering av kvaliteten på tidvatn- og vasstandsinformasjon.

Se havnivå Vasstand og tidvatn

Finn observert og varsla vasstand, tidvatn, landheving og framtidig havnivå i vår teneste Se havnivå.

Se havnivå

Kvalitetsklassar

Kvalitetsklassene går frå 1 til 4, kor klasse 1 er av høgste kvalitet. Klasse 3–4 er av så dårlig kvalitet at Kartverket ikkje gir ut data (eksempelvis strekninga mellom Egersund og Lista).

Kvalitet på tidvatn og observert vasstand er gitt kvar for seg. 

Kvalitetsklassene følger SeaDataNet sin L20 (DataNet Measured Qualifier Flags), som går fra 0–4.

Klasse Beskrivelse av kvalitet på tidvatn- og vasstandsinformasjon
0 Kvalitet er ikkje klassifisert. Her mangler enten målingar vi kan bruke til å vurdere kvaliteten med, eller så er kvalitet enno ikkje vurdert.
1 Data av høg kvalitet. Det er verifisert mot målingar at data stemmer med fysiske forhold.
2 Data av god kvalitet egnet til de fleste formål: Det er verifisert mot målinger av data stemmer ganske godt med fysiske forhold. Det kan òg være data vi antar stemmer godt med fysiske forhold, uten at det er verifisert mot målinger.
3 Data av låg kvalitet som ikkje samsvarar med fysiske forhold og derfor ikkje bør brukast.
4 Data som heilt klart ikkje stemmer med fysiske forhold og derfor ikkje kan brukast.

 

Vasstand – sjekk kvalitet i kart

Sjekk kvaliteten på vasstandsdata: Du kan zoome i kartet, skru av og på ulike klassar, og klikke i kartet for å få opp informasjon om kvalitetsklassen for staden. Dei permanente vasstandsmålarane er også vist i kartet.

 

Tidvatn – sjekk kvalitet i kart

Sjekk kvaliteten på tidvassdata: Du kan zoome i kartet, skru av og på ulike klassar, og klikke i kartet for å få opp informasjon om kvalitetsklassen for staden.

 

Om kvalitet på tidvatn-data

Nesten alle stader på kysten er kvaliteten på informasjon om tidvatn sett til klasse 2. Det betyr at data er av god kvalitet og eigna til dei fleste formål.

I område der tidvatnet er berekna basert på ein lang og god måleserie like ved, har data den høgaste kvaliteten, klasse 1. Dette gjeld nær alle dei permanente vasstandsmålarane, men også nær nokre andre stader Kartverket har gode måleseriar.

I område mellom målestasjonane blir tidvatn estimert. Kvaliteten på informasjonen om tidvatn i desse områda avheng hovudsakeleg av kor store endringar det er i formen på tidvatnet i området.

OBS

Fleire stader kor tidvatn er merka med kvalitetsklasse 2 trur vi at kvaliteten er av klasse 1, men vi har ikkje verifisert dette ennå.

Inntil Kartverket har ein god nok måleserie i nærleiken til å lage ein tidevass-prediksjon, kan vi ikkje med sikkerheit seie at datakvaliteten er av klasse 1. Klassifiseringa kan derfor sjåast på som «kvaliteten er minimum av denne klassen».

Om kvalitet på observert og varsla vasstand

I kartet som viser datakvalitet for vasstand vil du sjå at det foreløpig berre er område ved dei permanente vasstandsmålarane at kvalitet er vurdert. Dette er stader kor vi har målt i mange år og har god kontroll på vasstanden. I desse områda er både observert og varsla vasstand vurdert til høgste kvalitet.

For områda utanfor dei permanente målarane er vasstanden basert på ein modell. I modellen blir det estimerte tidvatnet for staden sett saman med vêrbidraget frå den mest representative permanente vasstandsmålaren. Kvalitet for vasstand i området er da gitt av:

Kvalitet på tidvatn + kor godt vêrbidraget stemmer for dette området.

Så langt er det svært få stader der vi har vurdert kvaliteten på vêrbidraget på denne måten. Derfor vil dei fleste stadene langs kysten ikkje ha vurdert kvalitet for vasstand.

Dette betyr ikkje at vasstanden er dårleg i alle desse områda. Kartverket trur at kvaliteten er «god nok» dei fleste stader, men vi har ikkje kunne verifisere dette enda.

Usikkerheita til varsla vasstand kan du sjå i eigen graf ved søk i tenesta «Se havnivå». Varselet blir oppdatert to gonger i døgnet.

Graf som viser vasstandsvarsel. Skjermdump frå tenesta Se havnivå.
VARSLA VASSTAND PÅ SE HAVNIVÅ: Den grøne, feIte linja er vasstandsvarselet, også kalt forventa vasstand. Usikkerheita til varselet er vist med svakare, skyggelagt grøntone. Varselet er tilgjengeleg fem døgn fram i tid, og oppdaterast to gonger i døgnet. Skjermdump.

Nyttig

Oppdaterte vasstandsdata

For å kunne presentere best mogeleg vasstandsinformasjon, forbetrar og oppdaterer Kartverket datagrunnlaget kontinuerleg. Og ved høve gjer dei større kontrollar på målesystema.

Opne vasstandsdata

Tidvatn- og vasstandsdata som du finn på Se havnivå, er tilgjengeleg i eit API. Ein widget for Se havnivå gjer det mogleg å vise tidvassdata for ein valt stad på di nettside.

Del