Oppdaterte vasstandsdata
For å kunne presentere best mogeleg vasstandsinformasjon, forbetrar og oppdaterer Kartverket datagrunnlaget kontinuerleg. Og ved høve gjer dei større kontrollar på målesystema.
Kartverket har eit målenett med permanente vasstandsmålarar. Frå desse går data gjennom kontrollar før dei når ut på m.a. nettenesta Se havnivå.
– I 2019 blei systematiske målefeil korrigert. Vi har oppdatert vasstandsdata frå dei permanente vasstandsmålarane tilbake til rundt år 2007, basert på desse korrigeringane, seier oseanograf Mari Hegland Halvorsen i Kartverket.
Se havnivå Vasstand og tidvatn
Finn observert og varsla vasstand, tidvatn, landheving og framtidig havnivå i vår teneste Se havnivå.
Forbetra tal der du bur
– Vi delar kysten av Noreg opp i soner der vi antar at tidvatnet oppfører seg på same måte. Kvar sone er knytt til ein målestasjon og får to korreksjonsfaktorar, ein for høgde og ein for tid. Til nærare ein er ein vasstandsmålar, til betre vil sjølvsagt data vi presenterer på Se havnivå stemme, fortel Halvorsen.
Kartverket forbetrar desse sonene kontinuerleg. Det blir mellom anna gjort ved å måle vasstand i nokre månader. Analysar av desse gjer at fagfolka kan kontrollere, og nokre stader oppdatere, soneinformasjonen i område som ikkje har ein permanent vasstandsmåler. Nokre stadar kan Kartverket også gå over til å bruke tidvatn basert på analysar av dei korte måleseriane.
– Dette gjer vi i dei områda der vi ser at desse måleseriane er betre enn estimert tidvatn frå dei permanente vasstandsmålarane. Vêrbidraget er fortsatt frå nærmaste permanente vasstandsmålar, seier Halvorsen.
For å forbetre datagrunnlaget jobbar Kartverket med å utvide det permanente målenettet for vasstand.
Nye berekningar av tidvatn
Som ein del av korrigering og oppdatering av datagrunnlaget inngår også oppdatering av viktige vasstandsnivå ved dei permanente vasstandsmålarane. Først ut er nivå knytt til tidvatn.
– Ved å analysere lange måleseriar av observert vasstand finner vi de harmoniske konstantane for staden. Ut ifrå dette kan vi bestemme storleiken til det astronomiske tidvatnet og lage tidvasstabellar for eit vilkårleg tidspunkt, forklarar Halvorsen.
Dei førre analysane blei berekna kring år 1997, basert på seriar med observert vasstand som varierte i lengd på fem til ti år. Kartverket har køyrd nye analysar, basert på nyare seriar med vasstand over ein lengre periode. I den forbindelse er også nye astronomiske referansenivå berekna.
Problemområde
Kysten frå Lista til Vigdel er eit område der vasstanden raskt endrar karakter. Der er det lite forskjell på tidvatn (flod og fjære), som gjer at bidrag frå vêret kan påverke vasstanden meir enn i andre delar av landet.
Dei raske vasstandsendringane gjer at det ikkje er mogleg å gje korrigerte observasjonar av vasstand basert på måleseriane frå Stavanger eller Tregde.
Ein ny permanent vasstandsmålar i Sirevåg på Jæren gjer at du frå april 2023 kan få observert vasstand i Sirevåg.
Når Kartverket har tilstrekkeleg med data vil du kunne få vasstandsvarsel for området Sirevåg–Stavanger. Observert vasstand blir korrigert utifrå data samla inn ved dei permanente vasstandsmålarane i Sirevåg og Stavanger.
Tronge sund og straumar
Det er også eit par andre område langs norskekysten der Kartverket ikkje gjev ut tidvatn- og vasstandsinformasjon. Dette er hovudsakleg område med tronge sund og straumar, der tidvatnet har ein ganske annleis karakter på innsida samanlikna med utsida av sundet.
E-posten er sendt