Siste oppdatering

Sikrare seglas i Trondheim hamn med nye sjøkart

Nye elektroniske sjøkart frå Kartverket gir ein meir presis og detaljert oversikt over djupneforhold i Trondheim hamn. Med dette blir innseglinga til hamna enda tryggare for sjøtrafikken.

Cruiseskipet MS Celebrity Apex ligg til kai i Trondheim.
VIKTIG HAMN: Trondheim Havn, utan dei 13 andre hamnene i kommunen, har 4000 anløp i året inkludert ferje og hurtigbåt. Foto: Felix Seifert/Trondheim Havn

Trondheim hamn er eitt av 15 område i Noreg som har fått høgoppløyste elektroniske sjøkart (High Density (HD) ENC) med meir detaljerte djupnekurver. Denne nye detaljrikdommen gir fartøy større handlingsrom og aukar sikkerheitsmarginane ved manøvrering av skip i hamna.

Dei detaljerte sjøkarta er ein del eit pågåande arbeid med å forbetre sikkerheita og effektiv drift i norske hamner. Djupnekurvane er fortetta til intervall på éin meter i området 5–30 meters djup.

Ei hamn med mykje trafikk

Trondheim Havn er ein av Midt-Noregs største hamner. Dei har mykje skipstrafikk, i tillegg til faste anløp frå Hurtigruten og Havila Kystruten. Maritim leiar i Trondheim Havn, Bjørnar Horsgård, fortel at dei tidlegare i år fekk presentert ei ringverknadsanalyse kor cruise- og kystrute i seg sjølv lagar ringverknadar på rundt 400 millionar kroner.

" width=
Bjørnar Horsgård, maritim leiar i Trondheim Havn. Foto: Felix Seifert/Trondheim Havn

– Vi har to anløp i veka av roro-/containerskip og fleire stykkgodsruter. I tillegg er vi ei viktig hamn for Forsvaret og blir jamleg brukt i øvingar og som liggehamn, seier Horsgård.

– Kva tenkjer du som maritm leiar om dei nye detaljerte sjøkarta? Er det nokre overraskingar?

– Det er spesielt gøy å sjå kor nøyaktige slike sjøkart kan bli. All skipstrafikk, og spesielt Forsvaret og cruiseskip som ikkje er her regelmessig, er avhengige av gode kart for å planlegge sine anløp. Ofte er det små marginar som avgjer om dei tek sjansen på å komme, og da er det viktig å kunne stole på karta! Trondheim Hamn var ein del av Kystverket sitt prosjekt «Digital hamn». Da fekk vi djupnemålt alle våre hamner, og oppdaga ein del overraskingar, fortel Horsgård.

Utsnitt av elektronisk sjøkart (ENC) viser område i Trondheim Havn.
TETTARE DJUPNEKURVAR: Tettare djupnekurvar i elektroniske sjøkart gir navigatøren auka handlingsrom, og store skip betre sikkerheitsmarginar når dei manøvrerer i Trondheim hamn. FOTO: Kartverket / Norgeskart.no

Viktig for lostenesta

– Meir detaljerte elektroniske kart er noko vi har ønskt oss lenge, så vi sett stor pris på at dette no blir tilgjengeleg i fleire norske hamner – no også i Trondheim hamn. Dette er særleg viktig med tanke på anløp av stadig større fartøy og spesielle operasjonar. Oppdaterte og detaljerte kart er avgjerande for at alle sjøfarande skal kunne navigere trygt, og lostenesta vil ta dei aktivt i bruk, seier losoldermann i Møre og Trøndelag, Odd Marvin Holberg i lostenesta til Kystverket.

Auka sikkerheit med detaljerte kart

Den detaljerte djupneinformasjonen i kartet gjer at navigatøren om bord kan legge inn sikkerheitskonturen tettare opp mot skrogdjupna til fartøyet. Dette er særleg nyttig i område med minimal klaring under kjølen på skip, og i farvatnet der det er vanskeleg og avgrensa med plass til å manøvrere.

– Som Noregs sjøkartmyndigheit har Kartverket dei siste åra publisert ei portefølje med høgoppløyste, digitale sjøkart (HD ENC) i norske hamner og smale innseglingar. Vi arbeider for å få tettare djupnekurvar i område der dette kan gi mest mogleg nytteverdi for navigatørane i samanheng med innsegling og hamneanløp. Totalt 15 hamner kan no vise til slik navigasjonsstøtte, inkludert Trondheim hamn, seier Siri Reimers, fagansvarleg for sjøkartmyndigheit i Kartverket.

Norske hamneområde er i stadig utvikling med mudring og bygging av nye kaier, og det kan vere ei utfordring for dei sjøfarande når dei detaljerte djupnedataa i kartet ikkje lenger stemmer med terrenget. Kartverket oppmodar hamneeigarane til å informere når dei planlegg tiltak i hamna som krev oppdatering av djupneforhold i navigasjonsprodukt.

Oppdaterte sjøkart

Alle norske offisielle elektroniske sjøkart (ENC) blir formidla via PRIMAR. Kartinformasjonen er også tilgjengeleg i kartplottarar som baserer seg på data frå Kartverket, forutsett at dei er oppdatert.

Den detaljerte djupneinformasjonen er også tilgjengeleg i kartet i farvatnskildringa «Den norske los».

Fakta

Produksjonen av detaljerte elektroniske sjøkart (HD ENC) er ein del av et pågåande arbeid med å forbetre sikkerheita og effektiv drift i norske hamner.

Område kor arbeidet med tettare djupnekurver er gjennomført:

  • Bergen hamn
  • Bodø hamn
  • Egersund hamn
  • Galtesund – innsegling til Arendal
  • Hammerfest hamn
  • Haugesund hamn
  • Husøy hamn
  • Kristiansand hamn
  • Kristiansund hamn
  • Mandal hamn
  • Narvik hamn
  • Oslo hamn
  • Risavika hamn
  • Stavanger hamn
  • Trondheim hamn

Neste område ut er Tromsø hamn.

Kontakt

Del
XPPT