Siste oppdatering

Tre sjøkart på Svalbard i nye utgåver

Hovudseriekart nummer 538, 540 og 541 som dekkjer farvatn nord på Svalbard, frå Moffen til Nordkappsundet, er alle oppdatert med ein nymålt seglingskorridor og andre kartrettingar.

Karta blir ikkje trykte, men blir plotta på bestilling gjennom Print on Demand-tenesta. Tidlegare utgåver er no ugyldige.

Hovudseriekart på Svalbard i nye utgåver:

  • Sjøkart nr. 538 Wijdefjorden
  • Sjøkart nr. 540 Hinlopenrenna. Moffen – Lågøya
  • Sjøkart nr. 541 Nordporten – Sjuøyane

Karta er i målestokk 1:100 000 og inngår i Kartverkets hovudkartserie, som i første rekkje er navigasjonskart for indre kyststrøk.

Kjøpe sjøkart

Kartverket sel ikkje papirkart, men lagar kartfiler som forhandlarar trykkjer for deg, såkalla Print on Demand-kart (POD).

Sjå oversikt over Kartverkets forhandlarar som du kan bestilla papirkart hos.

Endringar i sjøkarta

Sjøkarta er oppdatert med ny sjømåling som gir nøyaktig djupneinformasjon i ein seglingskorridor på nordsida av Svalbard. Denne seglingskorridorien vil etter kvart gjere det  mogleg å segle rundt Nordaustlandet.

Karta er òg oppdaterte med andre endringar og rettingar meldt i Etterretninger for sjøfarande (Efs). Andre rettingar kan vere grunnerapporteringar og nymålingar i større og mindre grad.

Alle sikkerheitskritiske oppdateringar og rettingar til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs, kartverket.no/efs.

Slik er karta merkeat:

Ny utgåve 11/2024. POD: 5. november 2024. Rettet t.o.m. Efs nr. 20/24.

Elektroniske sjøkart

Områda som blir dekte av sjøkarta er òg dekt av ENC-er (elektroniske kartceller).

Fakta Ny utgåve av sjøkart

Ein ny utgåve av eit eksisterande sjøkart inkluderer endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjort i Etterretningar for sjøfarande (Efs). Store deler av kartet er uendra.

Når ein «ny utgåve» er utgitt, blir tidlegare utgåver av sjøkartet forelda og dermed ugyldige.

Kartnummeret endrast ikkje, med unntak av tilføying av INT-nummer når sjøkartet blir eit internasjonalt kart (INT-kart).

Norske sjøkart blir utgitt som POD-kart, ny utgåve og nytt kart. 

Kontakt

Anita Sunde

Seksjonssjef i kart- og geodataseksjonen, Kartverkets sjødivisjon

anita.sunde@kartverket.no

Tlf. 51 85 88 69 / 959 61 301

Del
XPPT