To sjøkart i Troms i nye utgåver
Det er mange oppdateringar – særleg på lykter og sjømerke – i hovudseriekart nummer 91 og 93 som dekker farvatn i Troms.
Karta blir ikkje trykte, men blir plotta på bestilling gjennom Print on Demand-tenesta. Tidlegare utgåver er no ugyldige.
Hovudseriekart i nye utgåver:
- Sjøkart nummer 91 Grøtsundet – Lyngtuva – Kågen
- Sjøkart nummer 93 Fugløya – Arnøya
Karta er i målestokk 1:50 000 og inngår i Kartverkets hovudkartserie, som i første rekkje er navigasjonskart for indre kyststrøk.
Kjøpe sjøkart
Kartverket sel ikkje papirkart, men lagar kartfiler som forhandlarar trykkjer for deg, såkalla Print on Demand-kart (POD).
Sjå oversikt over Kartverkets forhandlarar som du kan bestilla papirkart hos.
Endringar i sjøkartet
Karta er òg oppdatert med mange endringar og rettingar meldt i Etterretningar for sjøfarande (Efs). Fleire sektorlykter er omskjerma til IALA-systemet, som kan vere omfattande endringar i karta. Les meir om overgangen til IALA-standard på Kystverkets nettsider.
Andre rettingar kan vere sjømerke, fartsavgrensingar, røyrleidningar, grunnerapporteringar, utfyllingar og anna. I tillegg til endringar tidlegare meldt i Efs, er sjøkarta oppdatert med andre endringar, som kan vere nye kaier, moloar og nymålingar i større og mindre grad. Stadnamn er oppdatert etter opplysningar henta frå Sentralt stadnamnregister (SSR).
Alle sikkerheitskritiske oppdateringar og rettingar til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs, kartverket.no/efs.
Slik er kartet merket:
Ny utgave 11/2024. POD: 5. november 2024. Rettet t.o.m. Efs nr. 20/24.
Elektroniske sjøkart
Områda som blir dekte av sjøkarta er òg dekt av ENC-er (elektroniske kartceller).
Fakta Ny utgåve av sjøkart
Ein ny utgåve av eit eksisterande sjøkart inkluderer endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjort i Etterretningar for sjøfarande (Efs). Store deler av kartet er uendra.
Når ein «ny utgåve» er utgitt, blir tidlegare utgåver av sjøkartet forelda og dermed ugyldige.
Kartnummeret endrast ikkje, med unntak av tilføying av INT-nummer når sjøkartet blir eit internasjonalt kart (INT-kart).
Norske sjøkart blir utgitt som POD-kart, ny utgåve og nytt kart.
E-posten er sendt