Ny forsking gir betre grunnlag for klimatilpassing og kystplanlegging
Matea Tomić disputerer ved NMBU med ei avhandling som kan styrke klimatilpassing og utbygging langs norskekysten. Ho har forska på korleis vi kan få meir presise målingar av havnivå og høgdeforskjellar langs norskekysten.
Langs kysten må vi ofte kople saman høgder på land med djup i sjøen, til dømes når vi bygger kaier, legg røyrleidningar eller vurderer flaumfare. I dag blir ulike referansenivå for land og sjø brukt, noko som gjer det vanskeleg å få ei heilskapleg oversikt. Dette kan skape utfordringar både for ingeniørar, planleggarar og beredskapsarbeid.
I sitt doktorgradsarbeid ved NMBU har Matea Tomić forska på korleis vi kan få meir presise målingar av havnivå og høgdeforskjellar langs norskekysten. Ho har brukt satellittdata, tyngdemålingar og vasstanddata frå mellom anna Kartverket, til å utvikle nye modellar som gjer det enklare å kople saman høgder på land og til sjøs.
– Ein samanhengande modell mellom land og sjø er viktig for klimatilpassing, trygg navigasjon og effektiv utbygging, seier Tomić.
Sjefsingeniør Kristian Breili frå geodesidivisjonen i Kartverket har vore ein av rettleiarane til Tomić:
– Arbeidet til Matea Tomić er svært relevant for Kartverket og supplerer vårt eige arbeid med å knyte saman referansenivåa på land og på sjøen. Dette er viktig for klimatilpassing, sjøkartlegging, anleggsarbeid i kystsona og for å kunne berekne saumlause terrengdata frå land til sjø, seier Breili.
Kva er problemet?
I Noreg blir høgder på land og djup til sjøs målt i forhold til ulike referansenivå:
- Geoiden – ei tenkt flate i jorda sitt tyngdefelt, omtrent som gjennomsnittleg havnivå, brukast på land.
- Sjøkartnull – eit lavt nivå som vasstanden sjeldan går under, brukast til sjøs.
Forskjellen mellom desse nivåa varierer frå stad til stad. Dette skaper utfordringar for alt frå klimatilpassing til ingeniørarbeid.
Tomićs forskingsarbeid består av tre delar:
1. Analyse av satellittdata: Tomić har vurdert kvaliteten på ulike datasett frå satellittar som måler havnivå. Spesielt har ho sett på korleis radarsatellitten Sentinel-3 og lasersatellitten ICESat-2 fungerer i norske kystområde. Fjordar og øyer gjer norskekysten ekstra kompleks.
2. Ny modell for middelvatn-nivå: Ved å bruke data frå ICESat-2, som har høg oppløysning og kan måle vasstand med stor presisjon, også nærme land, har Tomić laget en forbedra modell for gjennomsnittleg havnivå langs kysten. Dette gir eit meir nøyaktig bilde av vasstanden i fjordar og tronge kystområde.
3. Berekning av geoide: I eit testområde på Nordvestlandet har Tomić brukt nye målingar av tyngdekrafta (tyngdedata) til å lage ein oppdatert modell av geoiden. Denne forskinga har stor praktisk betydning:
- Klimatilpassing: Når havnivået stig som følgje av klimaendringar, må vi vite nøyaktig kor høgt vantnet kan kome. En samanhengande modell mellom land og sjø gjer det lettare å planlegge for flaum og stormflod.
- Utbygging og infrastruktur: Betre høgde- og djupnemodellar gjer det enklare å bygge trygt og effektivt langs kysten, enten det er kaier, røyrleidningar eller bustader.
- Sjøkart og navigasjon: Meir presise målingar gir tryggare ferdsel til sjøs og betre kartlegging av havbotn.
Kartverket og fleire offentlege aktørar har dei siste åra investert tungt i innsamling av høgdedata og tyngdedata, mellom anna gjennom prosjekt som «Nasjonal detaljert høydemodell». Desse dataa er gratis tilgjengeleg og blir allereie brukt i klimatilpassing, arealplanlegging og beredskap.
– Arbeidet mitt gir verdifull innsikt i korleis nye altimetridata presterer i norske kystområde. Resultata gir eit solid grunnlag for å lage betre modellar for geoide og middelvassflate, og for å kople saman høgder på land og til sjøs, seier Tomić.
Matea Tomić forsvarar si doktorgradsavhandling «Sea level and geoid for sustainable development along the Norwegian coast - Foundations for connecting land and sea vertical datums» 14. november 2025. Sjå disputasoppslaget på nmbu.no.
E-posten er sendt