Siste oppdatering

Gir premiar for smart bruk av staddata

Data knytt til stadfesting kan brukast til å sikre oss betre mot flaum og til å kartlegge natur raskare. Både private og offentlege verksemder fekk nyleg heider frå kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik og Nasjonalt geodataråd.

– Eg er imponert over døma som er sendt inn til konkurransen. Dei tre vinnarane viser korleis geografiske data gir nyskapande tenester og produkt, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

For tredje år på rad har det nasjonale Geodatarådet lyst ut ein konkurranse innan gode eksempel på bruk av geodata. I tre klassar blir det kåra ein vinnar, vurdert etter om løysingane bruker staddata på ein nyskapande måte, om det er til nytte for brukarane og kan brukast på nytt i andre løysningar, og om løysingane kan koplast til FNs berekraftmål.

Innan fristen 7. oktober var det kome inn 14 forslag i dei tre klassane:

  • 7 tiltak i offentleg sektor
  • 2 tiltak som kombinerer data til å skaffe ny kunnskap
  • 5 kommersielle teneste/ produkt

Juryen frå det nasjonale Geodatarådet har no vurdert kandidatane. Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik var til stades og delte ut pris til vinnarane i Oslo onsdag 7. desember.

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik og dei tre premievinnarane i 2022
GLADE VINNARAR: Statsråd Sigbjørn Gjelsvik (t.v) delte ut prisen til Andrine Gran (Bymiljøetaten, Oslo kommune), Max Koller (7Analytics) og Floris Jan Groesz (Field Group).

 

Beste kommersielle teneste eller produkt

«Flomkuben» frå 7Analytics gjer det mogleg å digitalt teikne inn tiltak eller arealbruk i terrengmodellar og sjå korleis endringane påverkar overvatnet. Dette er særleg viktig i urbane strøk der små høgdeforskjellar som til dømes ein fortauskant kan ha stor konsekvens for om hus blir utsett for flaum. Løysinga er i tråd med berekraftsmål 11 (Berekraftige byar og samfunn) og i noko grad til mål 13 (Stoppe klimaendringane) ved at det bidreg til klimatilpassing.

– Klimaendringane vil auke utfordringane med vatn; for mykje vatn i form av styrtregn og vatn på ville vegar fordi det ikkje har nokon stad å gjere av seg. Dette er viktig å ta omsyn til når nye tiltak blir planlagt framover. Flaumkuben er eit verktøy som kan hjelpe arealplanleggarar, arkitektar og utbyggarar med å ta omsyn til overvatn, seier direktør Roar Skålin frå Meteorologisk Institutt, som er juryleiar for Geodatarådet.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik og GIS-spesialist Max Koller frå 7Analytics.
VATN PÅ VILLE VEGAR: Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (t.v) la vekt på kor nyttig "Flomkuben" frå Max Koller i 7Analytics er for å gjere det enklare å sjå kva vegar flaum og overvatn vil ta i terrenget. 

– Ein grunnstein i verktøyet er at det skal kunne følge eit prosjekt frå start til slutt, med alle endringar som skjer undervegs. Samhandling er noko vi sett svært høgt i produktutviklinga vår. Aktørane i eit byggeprosjekt skal uansett rolle kunne vurdere det same kunnskapsgrunnlaget. Slik legg vi til rette for god kommunikasjon og auka bruk av data gjennom heile planprosessen, seier GIS-spesialist Max Koller hos 7Analytics.

Han tykkjer at ei kåring som «Gode døme på geodata»-prisen er viktig for å stimulere til auka nyskaping innanfor geodatafeltet.

– Det er bra at både offentlege og private aktørar kan sende inn bidrag, for vi treng innovasjon og samarbeid begge stader. For oss i 7Analytics er det stort å vinne ein slik pris, særleg fordi det gir legitimitet til den vegen vi har valt: Vi er brennande opptatt av korleis geodata kan brukast på nye måtar og i nye konstellasjonar for å løyse viktige utfordringar, seier Koller.

Beste løysing som kombinerer data til ny kunnskap

I klassen for løysingar som kombinerer data til å gi ny kunnskap, går prisen i år til Field Group (tidlegare Terratec). Dei har utvikla ei løysing som kartlegg naturtypar med bruk av fjernmåling og kunstig intelligens. Metoden bidreg til tre av FNs berekraftsmål.

– Eg synes metoden er spennande både fordi løysinga er automatisk og fordi Field Group bruker opne laserdata frå Kartverkets Nasjonal detaljert høgdemodell (NDH), flybilde frå omløpsfotograferinga vår og opne Sentinel-2 satellittdata (Copernicus/ESA). Det mest innovative er at dei utnyttar dei sterke sidene frå tre heilt ulike fjernmålingsdatasett. Metoden ville ikkje ha gitt så gode resultat viss eit av datasetta mangla, seier jurymedlem og kartverkssjef Johnny Welle.

Premievinnarar frå Field Group og Sallir Natur
GODT SAMARBEID: Dialog mellom teknologar som Stian Rostad (programmerar, Field Group) og økologar som Hilde Riksheim Tandstad (Sállir Natur) har vore sentralt for å lukkas, meiner seksjonsleiar Floris Jan Groesz. 

– Feltbaserte kartleggingsmetodar er ikkje i stand til å kartlegge raskt nok med utbyggingstempoet vi har i dag. Men akkurat no er tre ingrediensar på plass for å ta eit steg framover: Heildekkande fjernmålingsdata, eit grundig og objektivt system for klassifisering av natur («NiN» – Natur i Noreg), og gode metodar innan kunstig intelligens. Desse tre gjer det mogleg å utvikle nye metodar for å kartlegge natur automatisk, seier seksjonsleiar Floris Jan Groesz innan Remote Sensing i Field Group.

Det er ikkje alltid at økologar og teknologar klarer å snakke saman, men i dette prosjektet seier Floris at dei har funne tonen.

– Vi har utvikla metodane saman med erfarne økologar frå Sállir Natur, som har mykje erfaring med feltkartlegging. Det er inspirerande å arbeide tverrfagleg med entusiastiske folk. En annan viktig drivar er å utnytte eksisterande geodata best mogleg. Noreg bruker mykje ressursar på å samle geodata av høg kvalitet. Når grunnlagsdata allereie finnest, blir slike løysingar meir kostnadseffektive seier Groesz som meiner det er fleire skjulte skattar gøymd i geodata.

Tiltak i offentleg sektor

Vinnar i klassen «Tiltak i offentleg sektor» er Bymiljøetaten i Oslo kommune. Dei har utvikla ei innsynsløysing for data frå elsparkesyklar for å få meir kunnskap om mikromobilitet. Elsparkesyklar er plasseffektive og kan gjere storbyar meir framkommelege og mindre avhengige av biltrafikk. Løysinga bidreg dermed til FNs berekraftsmål 11, Berekraftige byar og samfunn.

– Bymiljøetaten bruker kunnskap frå geodata til å gjere elsparkesyklane til ein integrert del av infrastrukturen for byreiser. Samstundes forenklar dei jobben med å følge opp forskrifta. Det er kreativt! roser juryleiar Skålin.

Kunnskapen gjer det mogleg å legge betre til rette for korte reiser i byen, ved at ein kan tolke reisemønster og tilbod både i notid og med historiske data. Løysninga er nyskapande og kan overførast til andre typar køyretøy, kommunar, fylkar og til Statens vegvesen.

Tilsette frå Bymiljøetaten i Oslo kommune med Gode døme-prisen.
FRÅ PROBLEM TIL LØYSING: Andrine Gran (i midten) og kollegaene i Bymiljøetaten har lykkast med å gjere el-sparkesyklar til ei løysing, i staden for eit problem.

– Elsparkesyklane skaper mykje frustrasjon, men dei er også nyttige for å gi fleire reisevalg i byen.  Oslo kommune fekk god dialog med aktørane då dei første ståsyklane kom i 2019, fordi vi hadde ei felles interesse av at syklane vart ei løysing og ikkje et problem. Dei ga oss køyretøydata allereie i 2020, og løysinga gir innsikten vi treng, seier mobilitetsrådgjevar Andrine Gran i Oslo kommune.

Ho meiner at geodata brukt på smarte måtar, kan hjelpe kommunar og innbyggarar til å gjere samfunnet meir tilgjengeleg for alle.

– Prisen viser at vi får til dette i Oslo. Vi håper det kan inspirere andre til å utvikle løysingar innan digital regulering av køyretøy i eit offentleg-privat samarbeid, seier Gran.

Heiderleg omtale frå juryen

Trass i ein god vinnar i offentleg sektor-klassen, hadde juryen eit vanskeleg val. Såpass tøff var konkurransen at det vart vedtatt å gi heiderleg omtale til eit ekstra prosjekt:

Samferdsleavdelinga i Innlandet fylkeskommune har oppdatert kartgrunnlag, ortofoto og punktsky med dronefotografering av anleggsområdet i samband med at ny Einunna bru vart bygd på fylkesveg 29 på grensa mellom Alvdal og Folldal. Rådata frå dronebilde og laserdata er handsama i tråd med produktspesifikasjonane for ortofoto og FKB-Laser 3.0, og tilgjengelege i nettløysningane Noreg i bilde og Høgdedata.

– Dette er eksemplarisk! Viss alle gjer som Innlandet fylkeskommune, blir det fart på datadelinga i Noreg. Ikkje berre tok dei i bruk ny droneteknologi for å løyse viktige oppgåver innan vedlikehald, men dei sørgde også for å laste opp data på nasjonale fellesløysingar, slik at det kjem andre til nytte, seier kartverkssjef Johnny Welle.

Fylkeskommunen er med i brukarforum for drone i Innlandet, der dei deler kunnskap og erfaringar med andre offentlege aktørar. Effektiv datainnsamling og tilgjengeleggjering sikrar at detaljerte staddata kan nyttast på ny, i tråd med den store digitaliseringstakta i samfunnet.

Einingsleiar Svein-Inge Kvalø ved avdelinga for digitalisering og vegdata hos Innlandet fylkeskommune fortel at dette var eit pilotprosjekt for å sjå om det var mogleg å redusere kostnadane i Geovekst-prosjekt ved å bruke dronar. Samstundes ville dei vise fordelane ved å dele data med andre.

– På denne måten kan særleg offentlege etatar arbeide smartare, sikrare, meir miljøvennleg og spare både tid og pengar. Vi sett stor pris på at ein offentleg etat som satsar på ny teknologi og nye arbeidsmetodar, blir premiert for det. Anerkjenninga frå geodata-juryen betyr mykje. Det er ei oppmuntring til å utvikle oss vidare som fagetat, seier Kvalø.

Fakta Geodata og Geonorge.no

Geodata er data med direkte eller indirekte referanse til ein bestemt stad. Det kan til dømes vere adresser, grenser, stadnamn, høgder og terreng. Geodata, staddata og kartdata blir ofte nytta om einannan.

Geonorge.no er den nasjonale nettsida for geodata i Noreg. Her kan du få tilgang til det som er tilgjengeleg av slik informasjon.

Samarbeid Geodatarådet

Nasjonalt geodataråd er oppnemnd av Kommunal- og distriktssdepartementet. Det bidreg til samarbeid om geodata, og gir råd om oppfølging av nasjonale strategiar for felles geografisk infrastruktur. Sjå samansettinga til rådet (ekstern lenke)

Kartverket er nasjonal geodatakoordinator og sekretariat for rådet.

Nyskaping Gode døme-konkurransen

- I Noreg er vi komne langt med å ta i bruk geodata på nye måtar. Det ønsker vi å halde fram med, og da treng vi gode døme som inspirasjon, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

I tre år har Gode døme på geodata vorte arrangert. Les meir om kategoriar og krav på temasida for konkurransen Gode døme på geodata.

Del
XPPT