Siste oppdatering

Webinar: Brukarhistorier frå Marine grunnkart i kystsona

Erfaringar frå folk i offentleg og privat næringsliv som har brukt marine grunnkart i sitt arbeid blei presentert på eit webinar i februar. Opptak er no tilgjengeleg.

Webinaret blei arrangert 16. februar i regi av Kartverket, Havforskingsinstituttet og Noregs geologiske unersøking.

Opptak av webinar 16. februar 2022

Program:

  • Innleiing ved Hanne Hodnesdal, Kartverket
  • Saksbehandling ved Kirsten Redmond Kristiansen, Statsforvaltaren i Rogaland
  • Havbruk ved Liv Marit Årseth, Grieg Seafood
  • Taredyrking  ved Annelise Chapman, Tango Seaweed
  • Forsking på tobis ved Roger Kvalsund, Runde miljøsenter
  • Fiske etter sjøkreps og botnfisk ved Sigrid Elvenes, NGU
  • Plassering av sjømerke og kablar ved Jan Erik Dyb, Kystverket
  • Spørsmål

I pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona kartleggjast tre pilotområde: Stavanger, Giske/Ålesund og Skjervøy/Kvænangen. Målet er å etablere eit nasjonalt program for kartlegging av heile kysten.

Kontakt

Fakta Marine grunnkart i kystsona

Pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona er eit samarbeid mellom Kartverket, Havforskingsinstituttet og NGU.

Prosjektet har ei total kostnadsramme på til saman 84,6 millionar kroner over tre år.

Produkt som blir laga frå pilotområda:

  • Djupnedata og terrengmodellar
  • Botnreflektivitet/ data som skildrar hardheita til havbotn (backscatter)
  • Geologiske kart som sedimentkart og landskapskart
  • Kart over botnfelling, gravbarheit, ankringsforhold
  • Kart over kjemisk miljøtilstand (forureining av tungmetall og organiske miljøgifter)
  • Naturtypar i samsvar med naturtypar i Norge
  • Sårbare og verdifulle habitat
  • Modellar av straum, bølgjer, saltholdigheit og temperatur

Les meir

Teknologi i Marine grunnkart i kystsona

Vi testar ut ny teknologi for datainnsamling. Dette inkluderer ubemanna fartøy i lufta og på sjøen, ulike sensorar som Lidar, ekkolodd og hyperspektralt kamera. Vi delte erfaringar vi har gjort så langt på eit webinar i mars. Sjå opptak av webinaret.

Sjå kart

Dei marine grunnkarta finn du i demo kartvisning av Marine grunnkart i kystsona. Karta publisertast etter kvart som dei produserast.

Del