Siste oppdatering

Tospråkleg hamnedata-standard godkjent

Ein nøkkelfaktor i digitaliseringa av hamner er standardisering. Versjon 3.0 av hamnedata-standarden er no godkjent av standardiseringskomiteen for geomatikk.

Hamnedata versjon 2.0 og 3.0

– Erfaringar frå kartlegginga som blei gjort i prosjektet Hamnedata 2020, gav ei rekke innspel og tilbakemeldingar. Basert på desse er det gjort forbetringar og nødvendige tilpassingar av hamnedata-standarden, seier Matilde Skår i Kartverket.

Dette resulterte i ein oppdatert UML-modell for hamnedata og tilhøyrande registreringsinstruks, versjon 2.0. Hamnedata versjon 2.0 var ein «mellomversjon», som eit ledd i arbeidet med ein formelt godkjent produktspesifikasjon.. Produktspesifikasjonen for hamnedata 3.0 kjem i norsk og engelsk utgåve, der norsk utgåve er originalversjonen. Denne versjonen omfatta datamodell, GML-skjema og registreringsinstruks.

Hamnedata 3.0 er fyrste versjon av ein standardisert produktspesifikasjon for hamnedata. Produktspesifikasjonen for hamnedata 3.0 kjem i norsk og engelsk utgåve, der norsk utgåve er originalversjonen.

Brukarkartlegging

Som ein del av arbeidet med standarden har brukarbehov i hamn blitt kartlagt. Hovudformålet var å identifisere dei viktigaste brukarbehova, kartlegge kvifor desse er viktigast, og korleis vi kan handtera dei. Det er gjort ei vurdering for å sjå om behova er fanga opp av hamnedata-standarden eller registreringsinstruks, og behovet for å gjere ei tilpassing av standarden er vurdert.

Kartlegginga av brukarbehov har danna grunnlag for arbeidet med hamnedata-standarden, særskilt versjon 3.0.

Mann fortøyar skip i pullert i Kristiansand hamn.
TOSPRÅKLEG: UML-modellen for hamnedata-standarden finst på både norsk og engelsk i objektregisteret på Geonorge. Foto frå Kristiansand hamn: Trygve Emil Tønnesen

Tospråkleg standard

UML-modellen for Hamnedata 3.0 er tilgjengeleg både i norsk og engelsk versjon i objektregisteret på Geonorge. Produktspesifikasjonen for hamnedata 3.0 kjem i norsk og engelsk utgåve.

- Å kunne tilby hamnedata-standarden også på engelsk er ein fordel, med tanke på at mykje kommunikasjon innan samferdsel går føre seg på engelsk. Ikkje minst gjeld dette innan internasjonal skipsfart. Utanlandske fartøy med mannskap som ikkje kan norsk er jamleg innom norske hamner, og har same behov for informasjon om hamnedata som fartøy med norskspråkleg mannskap. I tillegg vil ein engelskspråkleg hamnedata-standard lettare kunne delast og tas i bruk utanfor Noreg sine grenser, seier Skår.

Registreringsinstruks

Registreringsinstruksen er ei praktisk rettleiing for korleis datafangst skal gjerast og korleis objekttypane skal registrerast. Instruksen inneheld oppdatert registreringsmetodikk, og fleire bilde med døme på objekttypar. Gjeldande versjon er tilgjengeleg på Geonorge.

Data samla inn ved hjelp av registreringsinstruksen blir forvalta i ein sentral database hos Kartverket, bygd på NGIS-forvaltningsplattformen etter same konsept som for basis kartdata (SFKB). Data vil også bli tilgjengelege via Geonorge.

Felles innsyn og visualiseringstenester

Hamnene må kvalitetssikre sine data og halde dei oppdatert i hamnedatabasen. Oppdaterte data er viktig ettersom dei inngår som grunnlag for verktøy i hamnesystemet og skal brukast på ulike måtar av mange ulike aktørar i "økosystemet" rundt hamn.

For hamnedata er det laga felles innsyns- og nedlastings-tenester som er tilgjengelege via Geonorge. Redigering og oppdatering av databasen kan gjerast igjennom programmeringsgrensesnittet NGIS-OpenAPI. Dette kan til dømes gjerast ved hjelp av ein plug-in i GIS-applikasjonen QGIS. Via open source-programvaren QGIS kan hamnene sjølv enkelt kunne ajourføre og oppdatere sine hamnedata direkte til SFKB.

Eit felles symbolbibliotek som er utarbeida, mogleggjer likearta presentasjon av data i ulike visningsverktøy, i tillegg til WMS- og WFS-tenester. Hamnesymbola er tilgjengeleg på Geonorge.

Vegen vidare

Registreringsinstruksen vil bli oppdatert i samsvar med Hamnedata 3.0. Også denne vil kome i ei norsk og engelsk utgåve. Ein oppdatert versjon av registreringsinstruksen (norsk utgåve) er venta i løpet av mars 2023. Engelsk utgåve av registreringsinstruksen er venta våren 2023.

UML-modellen til Hamnedata 3.0 vil bli implementert i QMS og NGIS open-API, vår/sumar 2023. Det vil kome oppdaterte teiknereglar for Hamnedata 3.0.

Fakta om prosjektet Hamnedata 2021

Ei felles prosjektsatsing mellom Kystverket, Kartverket, Miljødirektoratet og Sjøfartsdirektoratet.

Prosjektet er ei vidareføring av prosjektet Hamnedata 2020.

Målet er å gjere det enkelt å dele og oppdatere hamnedata gjennom ein felles nasjonal infrastruktur.

Tilgjengelege og kvalitetssikra data vil m.a. bidra til meir effektive hamner.

Prosjektet har tre arbeidsgrupper:

  • Produktspesifikasjon
  • Brukarkartlegging i hamn
  • Teiknereglar

Les meir

Havnedata

Infrastruktur og standard for havnedata er utviklet. Et nytt system muliggjør forvaltning og ajourføring av havnedata direkte fra de enkelte havnene etter samme prinsipp som øvrige basis kartdata (FKB).

Sikre og effektive hamner

– Det er utvilsomt god samfunnsnytte i å byggje infrastruktur for hamnedata, seier kartverkssjef Johnny Welle. Prosjektet som har jobba med digitalisering av hamner er fullført og sjøsatt – og infrastruktur og standard for hamnedata er no på plass.

Sentral felles kartdatabase (SFKB)

Sentral felles kartdatabase (SFKB) er et forvaltningssystem der kommunene, Kartverket og andre parter oppdaterer kartdata direkte i en felles database. Kartdatabasen gir alle brukere tilgang til ferske og kvalitetssikrede data. 

Del