Siste oppdatering

Tinglysingsgebyr

Du må betale gebyr for kvart dokument du sender til tinglysing. I tillegg må du betale dokumentavgift ved overføring av grunnboksheimel til fast eigedom. Nedanfor finn du ei prisliste.

Korleis vert gebyr bestemt

Tinglysingsgebyret er bestemt i lov og forskrift. Plikta til å betale gebyret er bestemt i tinglysingsloven § 12b og burettslagsloven § 6-16. Storleiken på gebyret er fastsett i ei felles forskrift med heimel i dei same føresegnene.

Forskrift om gebyr for tinglysing, registrering eller anmerkning i grunnboka.

 

Prisliste for gebyr ved tinglysing

Fast eigedom

Gebyr 2024

Gebyr 2025

Tinglysing av skøyte, heimelserklæring ved arv og skifte, pantedokument, prioritetsviking, transport, erklæring om rett, festekontrakt, leigekontrakt, kjøpekontrakt, ektepakt, opprette ny eigedom, seksjonering, registrering i kraftledningsregisteret m.m. 500 kr 545 kr
Massetransport (felles elektronisk tinglysing av overdraging av 10 eller fleire panterettar).  5400 kr 5450 kr
Anke over tinglysingsvedtak, til dømes nekting eller retting av grunnboka. Anken vert behandla av lagmannsretten. 7662 kr 7884 kr
Sletting av dokument, pantefråfall, nedkvittering, heimelserklæring ved uskifte, utleggsforretning og andre tvangsforretningar, samanslåing av eigedomar m.m. 0 kr 0 kr

Burettslagsandelar

 

 

Overføring av andel i burettslag, heimelserklæring ved arv og skifte, pantedokument, prioritetsvikelse, m.m. 500 kr 545 kr
Registrering av andelar i nytt burettslag. 4300 kr 5450 kr
Fyljande registrering av nye andelar i eit burettslag og deling av burettslagsandelar. 500 kr 545kr
Massetransport (felles elektronisk tinglysing av overdraging av 10 eller fleire panterettar). 4400 kr 5450 kr
Anke over tinglysingsvedtak, til dømes nekting eller retting av grunnboka. Anken vert behandla av lagmannsretten. 7662 kr 7884 kr
Sletting av dokument, pantefrafall, nedkvittering, heimelserklæring ved uskifte, utleggsforretning og andre tvangsforretningar, samanslåing av burettslagsandelar m.m. 0 kr 0 kr

Bestilling fra grunnboka

 

 
Bekreftet grunnboksutskrift, fast eigedom eller burettslagsandel 240 kr 260 kr
Historisk grunnboksutskrift, fast eigedom eller burettslagsandel 240 kr 260 kr
Kopi av tinglyst dokument, fast eigedom eller burettslagsandel 240 kr 260 kr
Kopi av grunnboksblad fra gamal manuell grunnbok, fast eigedom 240 kr 260 kr 
Kopi fra kraftledningsregisteret 240 kr 260 kr

 

Dokumentavgift

Når du overfører grunnboksheimel til fast eigedom må du som hovudregel betale 2,5 % av eigedomens marknadsverdi. Dette kjem i tillegg til tinglysingsgebyret. Det finnes fleire fritakgrunnar som gjer at nokon ikkje må betala dokumentavgift.

Les meir om dokumentavgift.

Betaling

Den som sender dokumenta til tinglysing får ein faktura etter at dokumenta er tinglyst. Betalingsfristen er 14 dagar. Profesjonelle brukarar vil få tilsendt faktura elektronisk. 

Les meir om kven som får fakturaen.

Del
XPPT