Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Tinglysingsgebyr

Du må betale gebyr for kvart dokument du sender til tinglysing. I tillegg må du betale dokumentavgift ved overføring av grunnboksheimel til fast eigedom. Nedanfor finn du ei prisliste.

Korleis vert gebyr bestemt

Tinglysingsgebyret er bestemt i lov og forskrift. Plikta til å betale gebyret er bestemt i tinglysingsloven § 12b og burettslagsloven § 6-16. Storleiken på gebyret er fastsett i ei felles forskrift med heimel i de same avgjerslene.

Forskrift om gebyr for tinglysing, registrering eller anmerkning i grunnboka.

 

Prisliste for gebyr ved tinglysing

Fast eigedom

Papir / elektronisk dokument 2023

Nye gebyr fra 01.01.24

Tinglysing av skøyte, heimelserklæring ved arv og skifte, pantedokument, prioritetsviking, transport, erklæring om rett, festekontrakt, leigekontrakt, kjøpekontrakt, ektepakt, opprette ny eigedom, seksjonering, registrering i kraftledningsregisteret m.m. 585 kr/ 540 kr 500 kr
Refinansiering (innanfor same låneramme, same pantsettar og same panteobjekt).  200 kr 500 kr
Anke over tinglysingsvedtak, til dømes nekting eller retting av grunnboka. Anka vert handsama av lagmannsretten. 7458 kr 7662 kr
Sletting av dokument, pantefråfall, nedkvittering, heimelserklæring ved uskifte, utleggsforretning og andre tvangsforretningar, samanslåing av eigedomar m.m. 0 kr 0 kr

Burettslagsandelar

Papir/ elektronisk dokument 2023

Nye gebyr fra 01.01.24

Overføring av andel i burettslag, heimelserklæring ved arv og skifte, pantedokument, prioritetsvikelse, m.m. 480 kr/ 440 kr 500 kr
Tinglysing av nytt burettslag. 4300 kr 4300 kr
Fyljande tinglysing av nye andelar i eit burettslag og deling av burettslagsandelar. 430 kr 500 kr
Anke over tinglysingsvedtak, til dømes nekting eller retting av grunnboka. Anken vert handsama av lagmannsretten. 7458 kr 7662 kr
Sletting av dokument, pantefrafall, nedkvittering, heimelserklæring ved uskifte, utleggsforretning og andre tvangsforretningar, samanslåing av burettslagsandelar m.m. 0 kr 0 kr

Bestilling fra grunnboka

Pris

 
Bekreftet grunnboksutskrift, fast eigedom eller burettslagsandel 172 kr 240 kr
Historisk grunnboksutskrift, fast eigedom eller burettslagsandel 40 kr 240 kr
Kopi av tinglyst dokument, fast eigedom eller burettslagsandel 172 kr 240 kr
Kopi av grunnboksblad fra gamal manuell grunnbok, fast eigedom 172 kr 240 kr 
Kopi fra kraftledningsregisteret 172 kr 240 kr

 

Dokumentavgift

Når du overfører grunnboksheimel til fast eigedom må du som hovudregel betale 2,5 % av eigedomens marknadsverdi. Dette kjem i tillegg til tinglysingsgebyret. Det finnes fleire fritakgrunnar som gjer at nokon ikkje må betala dokumentavgift.

Les meir om dokumentavgift.

Betaling

Den som sender dokumenta til tinglysing får ein faktura etter at dokumenta er tinglyst. Betalingsfristen er 14 dagar. Profesjonelle brukarar vil få tilsendt faktura elektronisk. 

Les meir om kven som får fakturaen.

Share
XPPT