Særeige og ektepakt
Ektefelle, gåvegivar, eller ein som har skrive testament kan bestemme om det skal være særeige.
Særeige eller felleseige
Dersom ekteskapet tek slutt og ektefellene har bestemt særeige på eigedomen, blir ikkje eigedomen delt mellom ektefellene på same måte som når dei har felleseige. Særeige kan bestemmast i ektepakt, av gåvegivar eller i testament.
Dersom det ikkje er avtalt særeige vil verdiane som de har opparbeida seg i ekteskapet, til dømes fast eigedom, vere felleseige mellom ektefellene.
Tinglyse særeige i grunnboka
Du kan tinglyse særeige på tre måtar: Ved ektepakt, som ei gåve eller ved skifte der særeige er bestemt i eit testament.
Ektepakt
Ektefeller kan bestemme at ein eigedom, heilt eller delvis, skal tilhøyre den eine ektefellen sitt særeige. Ein slik avtale kan dei skrive i ei ektepakt. Ektepakter skal tinglysast i Ektepaktregisteret i Brønnøysund. Dersom den innheld ei overføring av eigedomsrett, må overføringa tinglysast i grunnboka. Det er opp til dykk om de sender ektepakta til Kartverket eller Ektepaktregisteret fyrst.
Vanlegvis fyller ein ut eit skøyte ved overføring av fast eigedom, men i nokon tilfeller kan de sende inn ektepakta i staden for. Dersom ektepakta inneheld ei overdraging av eigedomsrett treng du kun senda inn denne. Du må senda den originale ektepakta med originale signaturar for å tinglyse overføring av eigedom.
Viss du ikkje har den originale ektepakta kan du skrive eit skøyte i staden for. Når du sender skøytet for tinglysing må du legge ved ein rett kopi av ektepakta, eller du kan sende eit brev saman med skøytet. I brevet må du skrive at de har ei ektepakt.
Du kan og bestemme at særeiget skal opphevast ved dødsfall. Eigedomen går tilbake til felleseige når ektefellen dør.
Gåve
Ein person kan gi ein eigedom i gåve til ein annan. Gåvegivaren kan bestemme at eigedomen skal høyre til mottakaren sitt særeige. For å få tinglyst gåveoverføringa med påteikning om særeige må givaren krysse av for gåve i skøytet og skrive at det skal vera mottakars særeige i punkt 6.
Dersom gåveoverføringa er mellom ektefeller, er det framleis krav om at dei har skrive ektepakt.
Adresser
Send dokumentene til:
- For fast eiendom:
Kartverket Tinglysing
Postboks 600 Sentrum
3507 Hønefoss - For borettslagsandeler:
Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik
Testament
Dersom særeiget er bestemt i eit testament, kan ikkje særeiget tinglysast før den som har skrive testamentet dør. Testamentet må sendast saman med dokumenta som skal tinglysast.
Les meir om overføring av eigedom ved dødsfall.
Slette særeige
Dersom du skal slette eit tinglyst særeige frå grunnboka, kan du lesa meir om framgangsmåten i denne artikkelen.
E-posten er sendt