Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Særeige og ektepakt

Ektefelle, gåvegivar, eller ein som har skrive testament kan bestemme om det skal være særeige. 

Særeige eller felleseige

Dersom ekteskapet tek slutt og ektefellane har bestemt særeige på eigedomen, blir ikkje eigedomen delt mellom ektefellane på same måte som når dei har felleseige. Særeige kan bestemmast i ektepakt, av gåvegivar eller i testament. 

Dersom det ikkje er avtalt særeige vil verdiane som dei har opparbeida seg i ekteskapet, til dømes fast eigedom, vere felleseige mellom ektefellane.

Ektepakt

Ektefellar kan bestemme at ein eigedom som ein ektefelle allereie eig, heilt eller delvis, skal tilhøyre denne ektefellen sitt særeige. Ein slik avtale kan dei skrive i ei ektepakt. Ektepakter skal tinglysast i Ektepaktregisteret i Brønnøysund.

Ei ektepakt som inneber heimelsovergang til eigedom kan også tinglysast i grunnboka. Dersom heimelsovergangen er ei gåve, må ho tinglysast i både ektepaktregisteret og grunnboka for å få rettsvern. Dersom ektepakta også inneheld vilkår om særeige, vil vi føre særeigevilkåret i grunnboka saman med heimelsovergangen. I andre tilfelle vil vi ikkje føre vilkår om særeige i samsvar med ektepakt.

Les meir om oppretting og tinglysing av ektepakter hjå Brønnøysundregistra.

Gåve

Ein person kan gi ein eigedom i gåve til ein annan. Gåvegivaren kan bestemme at eigedomen skal høyre til mottakaren sitt særeige. For å få tinglyst gåveoverføringa med påteikning om særeige må givaren krysse av for gåve i skøytet og skrive at det skal vera mottakars særeige i punkt 6.

Dersom gåveoverføringa er mellom ektefeller, er det framleis krav om at dei har skrive ektepakt, som omhandlar gåva.

Testament

Dersom særeiget er bestemt i eit testament, kan ikkje særeiget tinglysast før den som har skrive testamentet dør. Testamentet må sendast saman med dokumenta som skal tinglysast.

Les meir om overføring av eigedom ved dødsfall.

Slette særeige

Dersom du skal slette eit tinglyst særeige frå grunnboka, kan du lesa meir om framgangsmåten i denne artikkelen.

Adresser

Send dokumentene til:
  • For fast eiendom:
    Kartverket Tinglysing
    Postboks 600 Sentrum
    3507 Hønefoss
  • For borettslagsandeler:
    Kartverket Ullensvang
    Postboks 200
    5788 Kinsarvik

Ofte stilte spørsmål

Share