Hopp til innhold

Håndbok for navnebehandling

5 Klageordninga

5.1 Klagerett

Klageordninga er omtalt i lov om stadnamn § 12 og forskriftens § 10.

Desse har klagerett på namnevedtak som er fatta av Kartverket:

  • Eigarar/festarar av brukseigedom for bruksnamnet på deira bruk (men ikkje for naturnamn på eigedomen)
  • Kommunen
  • Fylkeskommunen
  • Offentlege organ og selskap for namn dei skal bruke i tenesta
  • Lokale lag og organisasjonar for namn som dei har serleg tilknyting til

Stadnamntenesta har ikkje klagerett.

5.2 Klagefrist

Det er tre vekers klagefrist frå det tidspunktet då klagaren er blitt gjort kjend med vedtaket. Ein kan forlenge klagefristen dersom det blir søkt om dette. Klagen skal gå til vedtaksorganet. Det er likast at kommunen tek imot klagane og sender dei som er komne innan tidsfristen samla til vedtaksorganet. Kartverket har rett til å klage på namnevedtak fatta av andre vedtaksorgan med den same klagefristen.

5.3 Mottak av klage

Ein klage skal vere grunngjeven. Manglar grunngjevinga, set vi ein kort frist for klagaren til retting eller utfylling. Når godkjend klage er motteken, skal vi registrere klagen i SSR. Då endrar vi namnesaksstatusen til klage, iverksett vedtak ikkje trekt tilbake. Skrivemåtestatusen på namnet vert ståande uendra fram til det kjem nytt vedtak i klagesaka. Namnesaksstatusdatoen vert sett til mottaksdatoen for brevet frå klagaren.

Klagaren kan be om at ein påklaga, ny skrivemåte ikkje vert brukt før det ligg føre endeleg vedtak i saka. Då endrar vi namnesaksstatusen til klage, iverksetjing av vedtak utsett, og vi stiller tilbake den skrivemåten som var prioritert før vedtaket vart gjort.

Kartverket sender dei innkomne klagane vidare til Språkrådet til orientering.

Om Kartverket avviser at klagar har klagerett, kan klagaren be om at Klagenemnda for stadnamnsaker (sjå avsnitt 5.7) vurderer dette.

5.4 Reising av klagesak

Oversendingsbrev med klagane vert sendt til kommunen. Derfrå startar saka på ein ny runde med lokal høyring og tilråding frå stadnamntenesta før saka kjem attende til vedtaksorganet. Om saka gjeld gards- og bruksnamn, skal kommunen sende oppstartsbrevet i klagesaka til alle grunneigarar av bruk med same namn. Om høyrings- og vedtaksprosessen: sjå 4.2 Høringsrunde og 4.3 Vedtak.

Kartverket kan velje å gjere om vedtaket utan ny runde med lokal høyring, men dette er eit unntak (sjå 5.5).

Dersom Kartverket held fast på vedtaket, vert saka send til Klagenemnda (sjå 5.7).

5.5 Omgjering av vedtak

Kartverket kan gjere om vedtaket utan å sende saka på ny høyring og tilråding, i følgje forvaltningsloven § 33, andre ledd. Dersom Kartverket gjer om det opphavelege vedtaket og gjer nytt namnevedtak, skal nytt vedtaksbrev skrivast og den vedtekne skrivemåten verte lagd inn i SSR med skrivemåtestatus V – Vedtatt. Vedtaksbrevet blir sendt til dei same mottakarane, og klagefristen på det nye vedtaket er den same: tre veker.

5.6 Klage på omgjort vedtak

Viss Kartverket vedtek skrivemåten som klagaren i fyrste runde ville ha, etter at saka har vært på ein ny runde (sjå 5.4), og det blir klage på dette nye vedtaket, må saka med alle dokumenta bli send til avgjerd i Klagenemnda. Saka er då så godt opplyst at det ikkje er naudsynt med ei ny lokal høyring.

Viss Kartverket vedtek skrivemåten som klagaren i fyrste runde ville ha, utan ny høyring og tilråding, og det blir klaga på det nye vedtaket (sjå 5.5), må saka ut på ein ny runde (sjå 5.4).

Viss Kartverket vedtek ein annan skrivemåte som ikkje er påklaga tidlegare, skal nytt vedtaksbrev skrivast og den vedtekne skrivemåten verte lagd inn i SSR med skrivemåtestatus V – Vedtatt. Vedtaksbrevet blir sendt til dei same mottakarane, og klagefristen på det nye vedtaket er den same: tre veker.

5.7 Klagenemnda for stadnamnsaker

Dersom Kartverket held fast på opphavelege vedtak også i denne omgangen, vert saka med alle dokumenta send til Klagenemnda for stadnamnsaker til vurdering og endeleg vedtak. I klagenemnda sit ein jurist som leiar, to stadnamnekspertar og to lekpersonar. Står stemmetala likt, avgjer leiaren saka. Klagenemnda er oppnemnd av Kulturdepartementet. Nemnda sine vedtak er endelege og kan ikkje påklagast.

5.8 Omgjering eller gjenopning av namnesaker

Når det er gjort vedtak om skrivemåten for eit stadnamn, er dermed alle andre skrivemåtar ulovlege å bruke for dei instansane (stat, kommune osv.) som må følgje stadnamnlova (jf. lov om stadnamn § 11 Bruk av stadnamn). I Sentralt stadnamnregister (SSR) får desse skrivemåtane status ”Avslått”.

Når namn blir lasta inn i SSR, vil skrivemåten få status ”Avslått” når namnet blir lagt inn, dersom det allereie er gjort vedtak om ein annan skrivemåte for det same namnet. Det skjer altså sjølv om denne skrivemåten kanskje ikkje var vurdert i den opphavlege namnesaka. Dersom slike til nå ukjente avslåtte skrivemåtar gir stadnamntenesta informasjon som kunne hatt noko å seie for utfallet av namnesaka, må det vere lovleg å reise ei ny namnesak (jf. lov om stadnamn § 10 Gjenopning).

5.9 Klager på bruksnamn

Sjå Vedlegg A.

Vedlegg

Vedlegg til kapittel 5


Vedlegg A - Klage på bruksnavn

5.10 Når Kartverket vurderer å klage

Når Kartverket vurderer å klage på eit vedtak ein annen etat har gjort (sjå kap. 1.1.2 punkt 7), vil det vere best å ta munnleg kontakt fyrst, for å finne ut om det er gjort en feil. Då kan denne feilen rettast opp utan at det blir ei klage.

Den som skriver klagen på vegne av Kartverket, skal alltid informere respektiv fylkeskartsjef.

Til toppen