Johnny Welle held foredrag i eit auditorium under Sjøkartkonferansen 2022. Foto: Louise G. Larsen
GEODATA: Kartverkssjef Johnny Welle opna konferansen og snakka om geodata i ein digital kvardag. Foto: Louise Galapati Larsen
Siste oppdatering

Mange moglegheiter for maritime data

Samarbeid om og deling av kvalitetssikra maritime data kan skape nye moglegheiter for offentlege etatar. Det kom fram under Sjøkartkonferansen til Kartverket 27. oktober.

– Deling av offentleg tilgjengelege og kvalitetssikra data er essensielt for offentlege etatar framover. Samansetting av slike data kan opne for mange moglegheiter og nyskapingar, seier seniorrådgivar Odd Sveinung Hareide frå Kystverket.

Han presenterte foredraget «Kystverkets digitale tvilling» under Sjøkartkonferansen og viste til den digitale tvillingen Kystverket har laga ved å setje saman data frå Kartverket og eigen etat.

– Det blir brukt operativt til å trene og øve statslosar, seier Hareide, som var begeistra på kva ein får til ved å dele data med god kvalitet.

Sjå nyheitssak: Losen forbetrar cruisesesongen – med VR-briller

Kopling av offentlege data og ny teknologi

Under Sjøkartkonferansen som blei halde i Stavanger 27. oktober, var ei god blanding av brukarar, maritime interesseorganisasjonar, undervisningsmiljø, offentlege aktørar og leverandørar av nautiske produkt samla for fagleg påfyll og diskusjonar rundt digitalisering av sjøkart og brukarverktøy.

Seniorrådgivaren frå Kystverket meiner det er ein fin arena å samlast rundt. Han synest spesielt at koplinga mellom offentlege data og ny teknologi, som virtuell røynd og nye visualiseringstenestar, er aktuelt og spennande.

Odd Sveinung Hareide demonstrerer VR-briller brukt til å trene statsloser. Foto.
DIGITAL TVILLING: Odd Sveinung Hareide frå Kystverket viser fram korleis det ser ut frå brua på ein båt ved hjelp av virtuell røynd (VR). Foto: Bente Berggraf
 

– Konferansen er ein flott arena for å møte andre som er opptekne av djupnedata, både frå det private og det offentlege. Som konferansens tema syner, er det ei dreiing mot digital visning og bruk av data. Det er viktig at vi i Noreg med vår langstrakte kyst, aktivt deltek for å påverke standardiseringa av data til det beste for de sjøfarande, seier Hareide.

Sikker seglas inn i hamnene  

Det var eit rikhaldig program Kartverket stilte opp med under Sjøkartkonferansen. Det handla mykje om digitalisering og digital omstilling, men ikkje minst digitale tenester. Ei blanding foredragshaldarar frå både private og offentlege sektor gav dei vel 150 frammøtte eit godt innhald på fagkonferansen.

Ein av dei som heldt eit innlegg var hamneinspektør Stein Roger Bjørheim frå Kristiansand hamn. Hans innlegg blei kalla «Seglas med små marginar i hamne-Norge». Hans bodskap var at med stadig større skip som segler til og frå Noreg, krevjast det betre og meir nøyaktig sjødata og at desse må oppdaterast jamleg. I dag segler store skip med stadig mindre marginar inn og ut av norske hamner. Djup er avgjerande for at seglasen går etter boka.

– Vi kan ikkje segle med dagens skip ut og inn av Noreg med dårlege data. Vi må ha gode data som sikrar seglasen. Mitt "slogan" er at kart er ferskvare. Hjelpemidlane for å sikre ei trygg innsegling til Noreg må vere nøyaktige, seier Bjørheim.

Portrettfoto av Stein Roger Brjøheim. Foto: Louise Galapati Larsen
FRAMIFRÅ: Hamneinspektør Stein Roger Bjørheim meiner Noreg har eit kartverk i verdsklasse. Foto: Louise Galapati Larsen
 

Han nyttar høvet til å skryte av norske sjø- og landkart, og at Noreg er leiande på verdsbasis når det gjeld å få landdata inn i sjøkarta.

– Vi får truleg hamneobjekt frå prosjekta Hamnedata 2020–2022 inn i sjøkarta – og ligg da milevis framme internasjonalt. Det er eit stort kvantesprang. Tidlegare hadde vi sjøkart og landkart, men mangla karta i midten. Å få sjøkart med viktige landdetaljar, slik at kapteinen til dømes veit til kva kai med pullertar han skal leggje til – ja, det er stort, seier Bjørheim.

Årleg sjøkartkonferanse

Kartverket har arrangert Sjøkartkonferansen sidan 2018. Målet er å samle private og offentlege aktørar til ein spennande dag, der maritime data står i sentrum. Konferansen er gratis for alle påmeldte.

– For oss er det viktig å knyte saman oppdraget Kartverket har som nasjonal geodatakoordinator med rolla vi har som sjøkartmynde. På Sjøkartkonferansen i år fekk vi sett samahengen mellom desse ansvara, både i teori og praksis, seier avdelingsleiar Gudmund Jønsson i Kartverkets sjødivisjon.

Program Sjøkartkonferansen 2022

Program og presentasjon av foredragsholdere (pdf 160 kB)

Del
XPPT