Velkommen til Kartverkets nye nettside! Les mer om nye kartverket.no her.

Siste oppdatering

Innmelding av rettingar til Efs

Nautisk informasjon og data for oppdatering i sjøkart, som løpande meldingar (midlertidige (T) og foreløpige (P) meldingar) og etablering, endringar og nedleggingar av permanent varigheit, skal meldast til efs@kartverket.no.

Viss det er mogleg bør informasjon sendast til Kartverket ein månad før innleveringsdato. Ver merksam på at meldingar som skal bli utgjeve i digitale kart (ENC) må være gyldig i minst to veker etter utgjevingsdato for Efs.

Meldingstekst må innleverast på både norsk og engelsk. Efs-redaksjonen reserverar seg retten til å forkorte og endre på innlevert tekst.

Innleveringsfrist er kl. 15 på innleveringsdatoane lista i tabellen under. 

Kartverket krev at innsendar følgjer opp at informasjonen blir kunngjort i Efs/sjøkart slik som ein hadde tenkt.

Innleveringsfristar for T- og P-meldingar og andre meldingar til Efs i 2020

Leveranse av data

Meldingar kan leverast på ulike format, til dømes SOSI, Shape eller i form av ei kartskisse og posisjonar.

Kartverket føretrekk at koordinat er oppgjeve i WGS84 datum. Det er uansett viktig at det opplysast om kva datum og koordinatsystem data leverast på.

Det stillast krav til at innsendt informasjon følgjes opp av innsendar. Merk at ikkje all informasjon vil bli publisert som kartrettingar i Efs, eller presenterast i kartet. Det gjerast viktige vurderingar og prioriteringar på dette, basert på målestokk i sjøkartet og lesbarheit, kor navigasjonskritisk det er, og andre forhold.

Sikkerheit til sjøs

Det er viktig for sikkerheita til sjøs at offisielle sjøkart blir raskt og kontinuerleg oppdatert. Dette gjeld spesielt ved etablering og endring av installasjonar i sjø som kan få følgje for sikker ferdsel.

Mangelfull oppdatering kan føre til skade på fartøy og installasjonar som kan leie til erstatningskrav frå tredjepart. Kartverket tek ikkje ansvar for manglande oppdatering der installasjonseigar ikkje har sørgt for å sende inn tilstrekkeleg informasjon.

Del