Meld inn feil i sjøkart
Har du observert feil eller manglar i sjøkartet som du vil melde frå om? Meld dei inn via Kartverkets teneste «Rett i kartet».
Via tenesta Rett i kartet (rettikartet.no) kan du melde inn feil og manglar i sjøkartet, etablering og endring av installasjonar eller annan informasjon.
Alternativt kan du sende ein e-post til efs@kartverket.no.
Alle kan bidra
Alle brukarar av sjøkart kan bidra med tilbakemeldingar, anten det er til eit papirsjøkart eller ein kartplottar med kartdata frå Kartverket.
Sjøkart er ferskvare og «Rett i kartet» gjer det mogleg å kome med dine oppdateringar direkte til oss. Dette er med på å gje sjøfarande eit sikrare og betre navigasjonsprodukt.
Slik gjer du det
Innmeldinga gjer du ved å registrere punkt, linjer og flater. Du kan også legge ved bilete av observasjonen, eller laste opp data frå ei GPS-eining.
Vi ønskjer tilbakemeldingar om feil og manglar i sjøkart som kan vere navigasjonskritiske. Dette kan til dømes vere:
- grunner og skjær
- kablar
- luftspenn
- bruer
- røyrleidning
- havbruk
- kaianlegg
- fyllingar og moloar
- lykter og lanternar
- stakar og jernstenger
- vardar og båkar
Alle tilbakemeldingane vil bli behandla og vurdert i Kartverket før dei kan leggast inn i karta. Ønskjer du tilbakemelding og å sjå status på di sak, kan du i tillegg opprette ein brukarkonto på Rett i kartet.
Behandlingstid
Etter at innmeldinga er registrert, vil Kartverket starte behandlinga. Behandlingstida vil vere avhengig av tilbakemeldinga. Kartverket har klare krav til datakvalitet og datakjelde som brukast i sjøkarta. Difor vil nokre meldingar vere enkle å få ut i sjøkartet, medan andre meldingar vil krevje meir undersøking.
E-posten er sendt