Siste oppdatering

Ny utgåve av Tromsø hamnekart

Store delar av farvatnet i sjøkartet har fått ny djupneinformasjon, i tillegg til mange andre oppdateringar.

Kartet blir ikkje trykt, men blir plotta på bestilling gjennom Print on Demand-tenesta. Tidlegare utgåver er no ugyldige.

Hamnekart nr. 466 Tromøysundet – Sandnessundet med Trømsø havn, er i målestokk 1:20 000 og inngår i Kartverkets hamnekartserie. Hamnekart gir brukaren eit detaljert bilde av djupneforhold og kaianlegg i hamnene og innseglingar i kyststrøka.

Kjøpe sjøkart

Kartverket sel ikkje papirkart, men lagar kartfiler som forhandlarar trykkjer for deg, såkalla Print on Demand-kart (POD).

Sjå oversikt over Kartverkets forhandlarar som du kan bestilla papirkart hos.

Endringar i sjøkartet

Store delar av farvatnet i Sandnessundet og sørover mot Balsfjorden er sjømålt på nytt, og ny djupneinformasjon er redigert inn i kartet.

Sjøkartet er oppdatert med mange endringar og rettingar meldt i Etterretningar for sjøfarande (Efs). Nokre sektorlykter er omskjerma til IALA-systemet, som kan vere omfattande endringar i karta. Les meir om overgangen til IALA-standard på Kystverkets nettsider.

Andre rettingar kan vere sjømerke, fartsavgrensingar, røyrleidningar, grunnerapporteringar, utfyllingar og anna. I tillegg til endringar tidlegare meldt i Efs, er sjøkartet oppdatert med andre endringar, som kan vere nye kaier, moloar og nymålingar i større og mindre grad. Stadnamn er oppdatert etter opplysningar henta frå Sentralt stadnamnregister (SSR).

Alle sikkerheitskritiske oppdateringar og rettingar til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs, kartverket.no/efs.

Slik er kartet merket:

Ny utgåve 11/2024. POD: 5. november 2024. Rettet t.o.m. Efs nr. 20/24.

Elektroniske sjøkart

Områda som blir dekte av sjøkartet er òg dekt av ENC-ar (elektroniske kartceller).

Fakta Ny utgåve av sjøkart

Ein ny utgåve av eit eksisterande sjøkart inkluderer endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjort i Etterretningar for sjøfarande (Efs). Store deler av kartet er uendra.

Når ein «ny utgåve» er utgitt, blir tidlegare utgåver av sjøkartet forelda og dermed ugyldige.

Kartnummeret endrast ikkje, med unntak av tilføying av INT-nummer når sjøkartet blir eit internasjonalt kart (INT-kart).

Norske sjøkart blir utgitt som POD-kart, ny utgåve og nytt kart. 

Kontakt

Anita Sunde

Seksjonssjef i kart- og geodataseksjonen, Kartverkets sjødivisjon

anita.sunde@kartverket.no

Tlf. 51 85 88 69 / 959 61 301

Del
XPPT